See list of study plans starting on:

Design, kunst og handverk - årsstudium

Program of study: 
Design, Arts and Crafts - year course
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Credits: 
60
Duration: 
2 semesters
Year: 
2025
Number of students: 
18
Type of study: 
Year programme
Study mode
Full-time
Admission and rating

Generell studiekompetanse.

About

Årsstudiet i design, kunst og handverk gjev kompetanse i skapande handling, og kunnskap om kunstnariske uttrykksformer og fagdidaktiske problemstillingar. Gjennom utdanninga får studentane høve til å øve og utvikle praktiske ferdigheiter, gjennom eige skapande arbeid og refleksjon. Den praktiske kunnskapen blir utfordra gjennom møte med fag- og fagdidaktisk teori.  

Det praktiske og skapande arbeidet skal ta utgangspunkt i fagfelt som er relevante for pedagogisk verksemd i skule, kulturskule og andre samfunnsinstitusjonar.  Handverksferdigheiter, kunst- og designprosessar, visuell kommunikasjon og kulturforståing er berande innhald.  

Årsstudiet kan byggjast på til bachelorgrad (180 studiepoeng). Sjå studieprogramplan for Bachelor i design, kunst og handverk. Bachelorgraden kan nyttast som grunnlag for kunst- og designfaglege utdanningar, praktisk- pedagogisk utdanning (PPU) og masterprogram. Årsstudiet kan også gje eit godt grunnlag for søking til andre kunst- og designutdanningar. 

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram: 

Learning outcome knowledge

Studenten:

  • har kunnskap om faget sine kjerneområde: ideutvikling, form, farge, komposisjon, teknikk, materiale og verkty knytt til skapande prosessar i design, kunst og handverk
  • har kunnskap om fagteori og fagdidaktikk som refleksjonsgrunnlag.
Learning outcome skills

Studenten:

  • kan bruke ferdigheitene i faget sine kjerneområde: ideutvikling, form, farge, komposisjon, teknikk, materiale og reiskap knytt til skapande prosessar i design, kunst og handverk
  • har ferdigheiter i å bruke fagteori og fagdidaktikk som refleksjonsgrunnlag knytt til fagleg utvikling og formidling.
Learning outcome qualification

Studenten: 

  • har evne til å sjå faget sitt potensiale til å fremje berekraftig utvikling
  • kan bruke fagkunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte
  • har evne til å formidle og presentere faget munnleg, skriftleg og gjennom relevante uttrykksformer.
Content structure

Studieprogrammet er bygd opp av 2 obligatoriske emne à 30 studiepoeng.  Arbeidsmengda skal vere omlag 1.800 arbeidstimar per 60 studiepoeng. 

Arbeids- og undervisningsformene i studiet, er ein kombinasjon av førelesing, bruk av digitale formidlings- og læringsressursar og praktisk og teoretisk oppgåveløysing. Undervisninga blir organisert både individuelt og i grupper, og arbeidet kan vere både lærar- og studentstyrt. 

Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 6-6, om obligatorisk frammøte og deltaking. 

Studentane får prosessevalueringar i arbeidsøktene og i framleggingssituasjonar. Studiet har ulike vurderingsformer som er nærare omtala i dei aktuelle emneplanane.  

 

Design, kunst og handverk - årsstudium
Navn: 
Design, kunst og handverk - årsstudium
Course2025 Autumn2026 Spring
KOH130 Innføring i bilde
*30
KOH135 Innføring i handverk
*30
Expenses

Studentane må betale ei materialavgift for kvart emne, som dekker felles innkjøpte materiale. Summen for kvart emne er å finne i den aktuelle emneplanen.

Anna
Det vert forventa at studentane, etter obligatorisk opplæring i utstyrs- og verktybruk, kan handtere desse på eiga hand i og utanfor undervisningstid. I tillegg vert det forventa ein viss grunnkompetanse i bruk av digitale verkty.
Ansvarleg
Knut Einar Lillebø-Voll