Kunst og handverk (årsstudium)
Årsstudiet i Kunst og handverk gjev kompetanse i skapande handling, og kunnskap om kunstnariske uttrykksformer og fagdidaktiske problemstillingar. Gjennom utdanninga får studentane høve til å øve og utvikle praktiske ferdigheiter gjennom eigen aktivitet og refleksjon. Den praktiske kunnskapen blir utfordra gjennom møte med fag- og fagdidaktisk teori. Studiet har som mål å skape samanheng mellom studenten i ulike roller som praktisk utøvar, og lærar eller formidlar. Det praktiske og skapande arbeidet skal ta utgangspunkt i fagfelt som er relevante for pedagogisk verksemd i skule, kulturskule og andre samfunnsinstitusjonar. Årsstudiet kan påbyggjast til bachelor grad (180 studiepoeng). Sjå studieprogramplan for Bachelor i Kunst og handverk. Bachelorgraden kan nyttast som grunnlag for vidare utdanningar og masterprogram. For å få undervisningskompetanse må ein ha fullført praktisk pedagogisk studium (PPU) i tillegg.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Studenten
- har kunnskap om faget sine kjerneområde: ideutvikling, form, farge, komposisjon, teknikk, materiale og verkty knytt til skapande prosessar i design, kunst og handverk
- har kunnskap om fagteori og fagdidaktikk som refleksjonsgrunnlag.
Studenten
- kan bruke ferdigheitene i faget sine kjerneområde: ideutvikling, form, farge, komposisjon, teknikk, materiale og reiskap knytt til skapande prosessar i design, kunst og handverk
- har ferdigheiter i å bruke fagteori og fagdidaktikk som refleksjonsgrunnlag knytt til fagleg utvikling og formidling
Studenten
- har evne til å sjå faget sitt potensiale til å fremje berekraftig utvikling
- kan bruke fagkunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte
- har evne til å formidle og presentere faget munnleg, skriftleg og gjennom relevante uttrykksformer.
Studieprogrammet er bygd opp av 4 emne à 15 studiepoeng, og alle er obligatoriske.
Haust:
- Kunst - skaping og formidling, 15 studiepoeng
- Visuell kommunikasjon, 15 studiepoeng
Vår:
- Fagdidaktikk, kunst og formkultur, 15 studiepoeng
- Funksjonell design, 15 studiepoeng
Det kan søkjast om godskriving av tilsvarande emne som er tatt ved andre høgskular. Studiet har ulike vurderingsformer som er nærare omtala i dei aktuelle emneplanane.
Arbeids- og undervisningsformene i studiet er ein kombinasjon av førelesing, praktisk oppgåveløysing på verkstad og teoretisk oppgåveløysing. Undervisninga blir organisert både som individuelt arbeid og i grupper.
Det er obligatorisk frammøte og deltaking i all undervisning, jmf. Forskrift om studium og eksamen § 4-6 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/§4-6. d). Studentane får prosessevalueringar i arbeidsøktene og i framleggingssituasjonar. Studiet har ulike vurderingsformer som er nærare omtala i dei aktuelle emneplanane.
Emne | 2017 Haust | 2018 Vår |
---|---|---|
15 | ||
15 | ||
15 | ||
15 | ||
Sum (60 total) | 30 | 30 |
Studentane må betale ei materialavgift for kvart emne, som dekker felles innkjøpte materialar. Summen for kvart emne er å finne i den aktuelle emneplanen.
Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.