Kunst og handverk (årsstudium)
Årsstudium i kunst og handverk har i hovudsak ei praktisk tilnærming til faget og utviklar deg som utøvar i og formidlar av faget. Studiet fokuserer på teori og fagdidaktikk som refleksjonsgrunnlag og gjev såleis grunnlag for utøvande og pedagogisk verksemd innanfor eit variert spekter av arbeidsplassar i samfunnet, t.d. skulen, kulturskulen og andre samfunnsinstitusjonar, det frie kulturlivet t.d museum/galleri og privat næring. Årsstudiet kan påbyggjast til bachelor grad (180 studiepoeng). Sjå studieprogramplan for Bachelor kunst og handverk, ein grad som kan nyttast som grunnlag for vidare søking innan kunstfaglege utdanningar og masterprogram. For å få undervisningskompetanse må ein ha fullført praktisk pedagogisk studium (PPU) i tillegg.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Studenten:
- har kunnskap om faget sine kjerneområde: ideutvikling, form, farge, komposisjon, teknikk, materiale og reiskap knytt til skapande prosessar i visuell kommunikasjon, kunst og bruksform
- har kunnskap om fagteori og fagdidaktikk som refleksjonsgrunnlag
Studenten:
- kan bruke ferdigheitene i faget sine kjerneområde: idéutvikling, form, farge, komposisjon, teknikk, materiale og reiskap knytt til skapande prosessar i bilete, bruksform og arkitektur
- har ferdigheiter i å bruke fagteori og fagdidaktikk som refleksjonsgrunnlag knytt til fagleg utvikling og formidling
Studenten:
- har forståing for faget sitt potensiale til å fremje berekraftig utvikling og forvaltaransvar, og utvikle seg til samhandlande menneske på tvers av kulturar
- har evne til å formidle og presentere faget munnleg, skriftleg og gjennom relevante uttrykksformer
Studieprogrammet er bygd opp av 4 emne à 15 studiepoeng og alle er obligatoriske.
Haust:
- Fagdidaktikk, kunst og formkultur, 15 studiepoeng
- Funksjonell design, 15 studiepoeng
Vår:
- Kunst - skaping og formidling, 15 studiepoeng
- Visuell kommunikasjon, 15 studiepoeng
Det kan søkjast om godskriving av tilsvarande emne som er tatt ved andre høgskular. Studiet har ulike vurderingsformer som er nærare omtala i dei aktuelle emneplanane.
Emne | 2016 Haust | 2017 Vår |
---|---|---|
15 | ||
15 | ||
15 | ||
15 | ||
Sum (60 total) | 30 | 30 |
Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.