Mastergrad
Helse- og sosialfag
Masterutdanninga har fokus på kva forhold som kan fremme og hindre meistring og myndiggjering - både på strukturnivå og i samhandling mellom profesjonsutøvarar, brukarar og pårørande i det helse- og sosialfaglege feltet.
Studiet skal bidra til at du vidareutviklar kunnskap, ferdigheiter, haldningar og etisk medvit, som kan styrke profesjonsutøving.

- Start:
- Haust
- Omfang:
- Deltid Samlingar
- Studiepoeng:
- 120
- Varigheit:
- 8 semester (4 år)
- Studietype:
- Mastergrad
- Søk frå:
- 01.02.2025
Studiet har løpande opptak.
Studiet har eit særleg fokus på meistring og myndiggjering/empowerment som analytisk omgrep og praktisk tilnærming i samhandling med brukarar og pårørande, og med andre profesjonsutøvarar.
Snakk med oss om studiemoglegheiter ved HVO!
Vi inviterer til digitale informasjonsmøte for å gi meir informasjon om nokre av studia våre. Du vil få høve til å stille spørsmål, få rettleiing og utforske ulike alternativ. Meld deg på i dag!
Opptakskrav
- Bachelorgrad i helsefag, sosialfag eller pedagogiske fag.
- Cand.mag.-grad med relevant fagsamansetjing.
- Annan relevant grad eller utdanningsløp av minimum tre års omfang.
For dei to siste punkta er det krav om at studiet har 80 relevante studiepoeng, derav minimum 20 studiepoeng på fordjupingsnivå.
Praksis og utveksling i utlandet
Som student ved master i Helse- og sosialfag – meistring og myndiggjering kan du etter søknad få godkjent relevante emne gjennomført ved universitet eller høgskular i utlandet.
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Masterstudiet er lagt opp som deltidsstudium over fire studieår, med undervisning konsentrert til studiesamlingar som går over fleire dagar i Volda. Ved ønske vert det tilrettelagt for at studiet kan gjennomførast som heiltidsstudium.
Det vert nytta varierte undervisnings- og læringsformer, der vi legg stor vekt på dialog og studentdeltaking.
Aktuelle yrke og vidare studium
Studiet skal bidra til at du vidareutviklar kunnskap, ferdigheiter, haldningar og etisk medvit som kan styrke profesjonsutøvinga di.
Studiet vil også gi deg grunnlag for å leie og utvikle helse- og sosialtenester.
Gjennom valfrie emne og tema for masteroppgåva, kan du profilere mastergrada di innanfor
- Rus og avhengigheitsproblematikk
- Folkehelse og helsefremmande samfunnsutvikling
- Meistring og myndiggjering
Fullført mastergrad gir grunnlag for å arbeide med forsking og utgreiingsarbeid, og kan kvalifisere for opptak til doktorgradsstudium.
Tidspunkt for oppmøte og samlingar
HAUST 2025
MEI301 Meistring og myndiggjering - samhandlingsperspektivet
Fyrste undervisningsdag er måndag 25.08.2025, oppmøte kl. 10:00
- Samling 1, veke 35: måndag 25.08.25 -torsdag 28.08.25
- Samling 2, veke 39: måndag 22.09.25 -torsdag 26.09.25
- Samling 3, veke 43: måndag 20.10.25- torsdag 23.10.25
RUS301 Rus som kulturelt og sosialt fenomen
Fyrste undervisningsdag er tysdag 9. september 2025
- Samling 1, veke 37: tysdag 9. - fredag 12. september 2025
- Samling 2, veke 40: tysdag 30.september - fredag 3. oktober 2025
- Samling 3, veke 45: tysdag 4. - fredag 7. november 2025
MEI303 Forskingsmetode og vitskapsteori
Undervisninga går føre seg på 3 samlingar på 4 dagar:
Fyrste undervisningsdag er tysdag 19/08 - 2025, oppmøte kl. 09:15.
- Samling 1, veke 34: tysdag 19/08 - fredag 22/08 - 2025
- Samling 2, veke 42: tysdag 14/10 - fredag 17/10 - 2025
- Samling 3, veke 47: tysdag 18/11 - fredag 21/11 - 2025
Studieplan
Helse- og sosialfag – master (deltid)
Denne mastergradutdanninga passar for deg som vil vidareutvikle den analytiske, kritiske og praktiske kompetansen du treng for å møte utfordringar i det sosial- og helsefaglege feltet. Studiet har eit særleg fokus på meistring og myndiggjering/empowerment som analytisk omgrep og praktisk tilnærming i samhandling med brukarar og pårørande, og med andre profesjonsutøvarar.
Utdanninga gir deg kunnskap om moglegheiter og utfordringar knytt til meistring og myndiggjering, både i direkte samhandling med brukarar og deira pårørande, og på strukturnivå.
Det obligatoriske emnet Meistring og myndiggjering - samhandlingsperspektivet rettar søkelys på den direkte samhandlinga mellom profesjonsutøvaren og menneske med ulike utfordringar og i ulike livsfasar. Kommunikasjon, brukarmedverknad, tverrprofesjonelt samarbeid og etikk er sentrale område her. I Meistring og myndiggjering - strukturperspektivet får du auka innsikt i korleis sosiokulturelle forhold og prosessar verkar inn på helse og sosiale problem, samt på profesjonell praksis. Strukturar handlar her om kunnskapssyn og kunnskapstradisjonar, samfunnsmessige og kulturelle endringar, samt organisatoriske og styringspolitiske føringar.
Studiet vil bidra til at du vidareutviklar kunnskap, ferdigheiter, haldningar og etisk medvit, som kan styrke di profesjonsutøving.
Gjennom valfrie emne og tema for masteroppgåva, kan du profilere di mastergrad i ein av dei følgande tre profilane:
- Rus og avhengigheitsproblematikk
- Folkehelse og helsefremmande samfunnsutvikling
- Meistring og myndiggjering
Masterstudiet er lagt opp som deltidsstudium over fire studieår. Ved særskilt ønske vert det tilrettelagt for at studiet kan gjennomførast som heiltidsstudium.
I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Studenten skal ha
- inngåande kunnskap om kva pasientar/klientar kan meistre av oppgåver og ansvar i ulike tilstandar og ulike livsfasar, og korleis meistring kan oppnåast
- omfattande innsikt i korleis ulike kunnskapssyn har relevans for relasjonen mellom helse- og sosialarbeidar og pasient/klient og korleis desse kan legge grunnlaget for god omsorg, rettleiing og nødvendig hjelp
- inngåande kunnskap om korleis det etiske grunnlaget for relasjonen mellom helse-/sosialarbeidar og pasient/klient må utviklast
- kunnskap om korleis språk, informasjon og kommunikasjon kan påverke identitetar, posisjonar og relasjonar
- innsikt i det politiske, juridiske og forvaltningsmessige grunnlaget for medverknad i helse- og sosialsektoren
Studenten skal
- ha inngåande ferdigheiter i å finne og gjere seg nytte av kunnskap om viktige samanhengar mellom sosiokulturelle forhold, livsstil og helse-/sosialproblem i førebyggjande og kurativt arbeid
- kunne initiere FoU-arbeid som kan fremje god praksis på dei nemnde områda
- kunne utøve høg grad av analytisk kompetanse og fagleg skjønn
Studenten skal
- ha omfattande kunnskap, ferdigheiter, haldningar og etisk medvit til å fremje læring, meistring og myndiggjering i samarbeid med ulike kategoriar brukarar
- vere i stand til å initiere FOU-prosjekt med vekt på slike mål
Masterstudiet er lagt opp som deltidsstudium over fire studieår, med undervisning konsentrert til studiesamlingar som går over fleire dagar i Volda. Ved ønske vert det tilrettelagt for at studiet kan gjennomførast som heiltidsstudium.
Det vert nytta varierte undervisnings- og læringsformer, der vi legg stor vekt på dialog og studentdeltaking.
Studiet er totalt på 120 studiepoeng. Av dette er 75 studiepoeng obligatoriske og 45 studiepoeng valfrie. Masteroppgåve (30 eller 45 stp) er obligatoriske. Om ein vel Masteroppgåve på 45 stp, vert den valfrie delen av studiet 30 studiepoeng.
I det avsluttande emnet Masteroppgåve (30/45 stp) er det to eigne studiesamlingar i vårsemesteret, der fokuset er på arbeidet med masteroppgåva og utfordringar ein kan møte i skriveprosessen. I tillegg er det seminar i emnet Forskingsmetode og vitskapsteori, der studentane legg fram og får tilbakemelding på eige masterprosjekt og gir respons på medstudentar sine prosjekt.
Ved målretta val av valfrie emne, kan studentane velje profil på mastergraden. Studentane kan velje blant godkjente emne ved HVO og ein kan også søke om å få innpassa relevante masteremne frå andre utdanningsinstitusjonar. Det siste kan til dømes vere masteremne med tema som helsefremmande arbeid og fysisk aktivitet. Du kan også søke om å få godkjent relevante masteremne frå universitet eller høgskular i utlandet. Alle valfrie emne som skal inngå i mastergraden skal ligge på masternivå. Ved pensumoverlapping mellom dei valfrie og dei obligatoriske emna, må studentane byte ut dei delane av pensum som er like.
Val av profil gir kompetanse med innretning mot ulike delar av det helse- og sosialfaglege feltet. Fullført mastergrad gir også grunnlag for å arbeide med forsking og utgreiingsarbeid, og kan kvalifisere for opptak til doktorgradsstudium.
Les om vurderingsordningar og eksamen i emneplanane.
Emne | 25 H | 26 V | 26 H | 27 V | 27 H | 28 V | 28 H | 29 V |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Obligatoriske emne | ||||||||
15 | ||||||||
15 | ||||||||
Vel eit valemne kvart semester (maks 45 stp) | 15 | 15 | 15 | |||||
15 | ||||||||
15 | 15 | |||||||
LIH301 Ledelse i helse- og sosialtjenesten - Emnet vil bli godskrive med 30 stp som del av utdanninga. Emnet går i Molde studieåret 2025/2026, og studentar som ynskjer dette emnet må søkje opptak på emnet ved Høgskolen i Molde | 15 | 15 | ||||||
15 | 15 | |||||||
15 | ||||||||
15 | 15 | |||||||
15 | 15 | |||||||
60 studiepoeng (inkludert MEI301 og MEI302 med minimum karakter C), må vere fullført og stått før ein kan starte på emna MEI303 og MEI314/MEI315. | ||||||||
15 | ||||||||
Vel anten MEI314 eller MEI315: | 15 | 15 | ||||||
Val av MEI314 krev 15 stp. tillegg av valemne, som bør takast i tredje studieår. | ||||||||
* | * | 15 | 15 | |||||
* | 15 | 15 | 15 | |||||
Sum (120 total) | 15 | 15 | 15 | 15 | 15 | 15 | 15 | 15 |