EU har vedtatt Erasmus+
Erasmus + vil mellom anna bety større mogelegheiter for internasjonalt utdanningssamarbeid med land utanfor Europa.
Erasmus-studentar ved høgskulen.
Erasmus + er ei samanslåing av alle utdanningsprogramma i EU, deriblant Erasmus, Comenus, Leonardo Da Vinci og Grundtvig. Samanslåinga vil tre i kraft frå januar 2014. I tillegg til EU sine utdanningsprogram vil program for høgare utdanning som rettar seg mot land utanfor Europa inkluderast. Sidan desse programma ikkje omfattar EØS-avtalen har ikkje Noreg hatt mogelegheit til å delta i desse før. Noreg vil gjennom Erasmus+ vere eit fullverdig medlem i alle utdanningsaktivitetane og norske utdanningsinstitusjonar vil delta saman med institusjonar i land som Canada, Japan og USA.
Les meir på Senter for internasjonalisering av utdanning sine sider.