International day

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

f7de8668b926494722ebffa9fd059f49

Internasjonalt kontor og prorektor ønska representantar frå mellom anna Kiel, San Diego og Hawaii velkomne til International Day. F.v. Marthe Osmundsen, prorektor Marie Nedregotten Sørbø, internasjonal koordinator Arne Humberset og Maja Pilgaard Schjervheim . 



VERDA TIL VOLDA

Høgskulen i Volda har avtalar med 140 utdanningsinstutisjonar i meir enn 40 land, og ni av desse landa var representerte på Study Abroad Fair i kantina på Berte Kanutte-huset.

─ I dag bringer vi bitar av verda til Volda, sa prorektor Marie Nedregotten Sørbø. 

fdb8d7527cedfef4687db3c27f642475─ Vi har hatt god pågang på standen og gode spørsmål. Det verkar som at dei som kjem innom har bestemt seg for at dei vil hit på førehand, seier Christine Skarstein og Eirik Fure som står på stand for Griffith University.

FRÅ VOLDA TIL AUSTRALIA

Journalistikkstudentane Christine Skarstein Olsen og Eirik Fure studerte eit semester på Griffith University på Goald Coast i Australia. Dei ville til eit engelskspråkleg land med sol og varme, og hadde høyrt mykje positivt om Australia.  

─ Eg ville også nytte høve til å reise langt bort, og få nye inntrykk og opplevingar, seier Fure.

Som journalistikkstudentar valde dei i all hovudsak mediefag som dei ikkje hadde tilbod om i Volda.

─ Ved å ta andre fag på Griffith University enn vi kunne i Volda kunne vi spisse journalistutdanninga, seier Fure.

 12adc59ba94de8bf9939cee9963c27ae
Mediestudent Sophie Deschamps frå Frankrike var fast bestemt på å utveksle til Noreg.

FRÅ FRANKRIKE TIL VOLDA

Sophie Deschamps frå University Lumiére Lyon 2 I Fankrike har valt å studere mediefag på Høgskulen i Volda i eit år.

─ Eg hadde veldig lyst til Noreg, og sidan Volda er partnaruniversitet med universitetet mitt fekk eg høve til å reise hit. Mediefaga her er veldig spennande, naturen er kjempefin og eg likar meg veldig godt, fortel ho.

 61b61bf9af21c2a28f93943ff19683f3
Musikkstudent Alice Nyaga og sosialfagstudent Kevin Udoto frå Kenya.

FRÅ KENYA TIL VOLDA

For musikkstudent Alice Nyaga og sosialfagstudent Kevin Udoto frå Kenya var det stipend som opna døra for Volda og studium i Noreg.

─ Alt er veldig godt tilrettelagt her. Det einaste utfordrande er veret, men sommaren er flott!

Del på