StudiebygdA med eigen vevstad
Nettsidene skal gi brukarane ei god oppleving av Volda ved å vise mangfald og muligheiter. Førskomande laurdag stiller StudiebygdA med stand og sveler på Livleg Laurdag i Volda sentrum. Kom!
StudiebygdA vil at portalen skal vere eit virkemiddel for
- å bygge merkevara studiebygda Volda
- få folk til å flytte til Volda
- få folk til å bli verande i Volda
- få folk til å bli gode ambassadørar for Volda
Eigarar
Eigarane av portalen er Volda kommune, Frivilligsentralen i Volda, Høgskulen i Volda, Studentsamskipnaden for Sunnmøre, Studenttinget i Volda, Volda næringsforum og Sunnmøre kulturnæringshage. Eigarane er likeverdig ansvarlege for å sikre drift og innhald, og skal medverke til at sida oppfyller dei funksjonane den er tiltenkt.
Livleg laurdag i sentrum
Lag og organisasjonar vil presentere seg med stands, studentsamfunnet/Rokken stiller med DJ og kaffi, handelsforeininga har gode tilbod, og partanarskapen bak StudiebygdA serverer sveler.