Studiestart 2014

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

bbdacd5dcb952328278f967cecc604c4
Stortingsrepresentant og tidlegare student Fredric Holen Bjørdal haldt opningstalen ved studiestart 19. august. 

VOLDA blir lagt merke til

Bjørdal fremma at den faglege kvaliteten ved høgskulen og det gode studiemiljøet kombinert med naturopplevingane er eit tilbod utanom det vanlege.

─Her har ein utdanna landets beste lærarar i over 150 år, leverer klassejournalistar til riksmedia på laupande band, er knallgode på animasjon, sosialfag, samfunnsplanlegging, nynorsk og kreative fag – berre for å nemne noko.  Forskingsmiljøet er no også blitt så godt, at ein har fått lov til å starte opp med doktorgradsstudium. Dette blir lagt merke til, sa Bjørdal.  
 

b1ec0f65a5275104fd4a3643bc89ad8f
Rektor Per Halse ønska gjestar, studentar og kollegaer velkomne til eit nytt akademisk år ved Høgskulen i Volda. 
 

Over 1000 nye studentar

Høgskulen ønskjer i år over 1000 nye studentar velkommen.

─ De har kome til ein internasjonal høgskule. Fleire enn 80 av dei nye studentane kjem frå utlandet, frå så vidt eg veit 24 land. Eg ser fram til eit interessant år, og eg håpar vi alle - studentar, tilsette og lokalsamfunnet - vil finne gode måtar å samarbeide for å forbetre kvaliteten på det vi gjer her, sa rektor Per Halse. 
 

5520e9be25cfff53b808d7769e3946c7
Tidlegare musikkstudent Eirik Sognnes spelte «Lun sommarvind», sin eigen singel «Fredag» og til allsang av «Nordmannen» av Ivar Aasen. 
 

13e280e5f52232fdfe6302db516d37e8
Etter opningsseremonien stod studentfadrane klare for å ta med studentane til orientering på utdanningane. 

 
 

Del på