Utdanningsdagane 2019

Program og oppmøte

Velkomen til Utdanningsdagen i Volda!

Program

Oppmøte: Berte Kanutte-huset, kantineområdet.

  • 10.00 - 10.45: Velkomen! Opningsshow av studentar ved høgskulen, med gjester. 
  • 15 min
  • 11.00-11.45: Utdanningsval 1
  • 15 min
  • 12.00-12.30: Høgskulen spanderer lunsj:
    • Alle elevar møter i kantina, Berte Kanutte-huset
    • Alle rådgjevarar og lærarar er invitert til lunsj på møterom BK220.
  • 15 min
  • 12.45-13.30: Utdanningsval 2
  • 15 min
  • 13.45-14.30: Utdanningsval 3
  • 14.40: Vel heim, bussavgang ovanfor Volda vidaregåande skule.

Kvar skal eg vere?

Du kan gå inn på kartsida vår MazeMap, søke etter rommet du skal til  og få vite korleis du kjem deg dit. Om du vil kan du laste ned appen MazeMap.

 

Påmelding, fagområder og program

Under Utdanninsdagane står høgre utdanning og framtidige karrierevegar i fokus. Vi ønskjer at elevane vert betre budde til å ta utdannings- og yrkesval. Med eit slikt tiltak vonar Høgskulen i Volda også å bidra til at fleire ungdomar vel å bli i eigen region, både under utdanning og seinare i arbeidslivet. Elevane kan sjølv velje kva fagområde/studium han eller ho ønskjer å høyre meir om. Dei får informasjon om tilbodet, får snakke med faglærarar og studentar, og får ein smakebit av undervisninga.

I påmeldingsskjemaet kan du velje tre ulike fagområde/studium. Du vil i etterkant få tilsendt ditt program for dagen i Volda.