Bli barnevernspedagog eller sosionom i Volda!
Ønskjer du å gjere ein forskjell i andre sine liv? Då er helse- og sosialfag noko for deg. Sosionom og barnevernspedagog har vore særs populære utdanningar i Volda i mange år. I fleire av helse- og sosialfagstudia er praksisdelen sentral, og i undervisninga knyter ein den teoretiske og den praktiske kunnskapen saman med etiske utfordringar.
Les meir om utdanningane vi tilbyr:
Gode grunnar til å studere helse- og sosialfag i Volda:
Praksis: Sentralt i barnevernspedagog- og sosionomutdanninga står obligatorisk klientretta praksis som er i 5. semester av studiet. Som student kan du velje om du vil søkje gjennomføring av klientretta praksistudie i Noreg eller i utlandet, til dømes i India, Tanzania, Kenya, Irland eller Hellas. Les meir om det her.
Utveksling: For studentutveksling i 3. semester har vi samarbeidsavtalar med utdanningsinstitusjonar i Aten, Vermont, Minneapolis og Hawaii i USA, og også Roma om ønskeleg. Det er såleis høve til både utveksling i eitt semester ved ein annan utdanningsinstitusjon og/eller å ha praksisstudiet sitt utanlands.
Jobb etter utdanning: Utdanningane har eit breitt felt av arbeidsmoglegheiter. Her kan du få jobb innan alt frå NAV, kommunalt barnevern, institusjonar, rus og pyksisk helse og miljøarbeid i skulen til rehabilitering/habilitering.
Verdas beste studiemiljø: Å vere student i Volda gir deg opplevingar og vennar for livet! Du kan lese meir om dette nedanfor og sjå intervju med noverande og tidlegare studentar.