Bli barnevernspedagog eller sosionom i Volda!
Ønskjer du å utgjere ein forskjell i andre sine liv? Då er helse- og sosialfag noko for deg. Sosionom og barnevernspedagog har vore særs populære utdanningar i Volda i mange år. I fleire av helse- og sosialfagstudia er praksisdelen sentral, og i undervisninga knyter vi den teoretiske og den praktiske kunnskapen saman med etiske utfordringar. Slik får du kompetanse arbeidslivet treng
Finn ei utdanning som passar for deg!
Gode grunnar til å studere helse- og sosialfag i Volda:
- I tredje semester kan du velje å studere i utlandet. Vi har samarbeidsavtalar med utdanningsinstitusjonar i Aten, Roma, Vermont, Minneapolis og Hawaii.
- Sentralt i barnevernspedagog- og sosionomutdanninga står obligatorisk klientretta praksis, som er i femte semester av studiet. Som student kan du velje om du vil søkje gjennomføring av klientretta praksistudie i Noreg eller i utlandet, til dømes i India, Tanzania, Kenya, Irland eller Hellas. Les meir om det her.
- Utdanningane har eit breitt felt av arbeidsmoglegheiter. Du kan få jobb innan alt frå NAV, kommunalt barnevern, institusjonar, rus og pyksisk helse og miljøarbeid i skulen til rehabilitering/habilitering.
- Å vere student i Volda gir deg opplevingar og vener for livet i verdas beste studiemiljø!