Verdskjent arkitekt skal hjelpe høgskulen

Tekst: Per Straume , Foto: Marco Heyda

- Oppdatert

Biblioteket ved Høgskulen i Volda blir ein del av ei eksklusiv liste når stjernearkitekt Aat Vos skal sjå på moglegheitene for å vidareutvikle biblioteket.

Den nederlandske arkitekten gjestar Høgskulen 29. og 30. april. I Noreg er Aat Vos kjend for å ha designa fleire av Deichman filialane som Tøyen, Furuset og Stovner i Oslo. Han står blant anna bak suksessen BibloTøyen, eit leikent bibliotek for ungdom frå 10 – 15, der det er forbode for vaksne. BibloTøyen var nominert til "Library of the Year" i forbindelse med den prestisjetunge prisutdelinga "The London Book Fair International Excellence Awards" I 2018.  Aat Vos designer også nye Deichmanske bibliotek i Bjørvika.

I tillegg arbeider også Vos for tida med bibliotekprosjekt i Amsterdam, fleire i Tyskland og eit teaterprosjekt i Rotterdam.

Måndag 29. april held Vos føredrag som er ope for alle 09.00 – 10.30 på Kaarstad 306. Og tysdag 30. april skal dagen brukast på verkstad i lag med dei bibliotekstilsette, som no har fått mange gode innspel om bruk av biblioteket frå studentar og tilsette dei siste månadane. Vos vil som ei oppsummering tysdag vise fram teikningar som viser korleis biblioteket ved høgskulen kan bli.

Del på