Ny lærarsatsing ved Høgskulen i Volda
LærariNordvest er ei ny satsing ved Høgskulen i Volda (HVO), og er eit unikt samarbeid mellom kommunane i regionen og høgskulen. Målet for satsinga er å rekruttere og utdanne dyktige lærarar, som igjen skal sikre at grunnskular og barnehagar på nordvestlandet har nok kvalifiserte lærarar i framtida.

– Vi ser at mange studentar har arbeidserfaring når dei startar på ei lærarutdanning, og vi ønskjer å nå dei som er ufaglærte, fagarbeidarar, assistentar i barnehage og skule, samt andre som har trenarverv eller liknande erfaringar, seier Eivind Patrick Hanevik, studieleiar ved Grunnskulelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda.
På bakgrunn av dette inviterer HVO saman med fleire kommunar alle interesserte til informasjonsmøte om LærariNordvest.
Fleire møtepunkt i heile regionen
I februar og mars reiser HVO på møte frå Vestnes i nord til Nordfjord i sør med mål om at Høgskulen i Volda og dei aktuelle kommunane saman kan inspirere til auka rekrutteringa til utdanningane og yrka for barnehage- og grunnskulelærarar.
– Kommunane fortel om sine behov, og legg fram insentiv som kan stimulere fleire til å ta lærarutdanning, vidareutdanning eller fullføre påbegynt utdanning. HVO, på si side, går i djupna på LærariNordvest-satsinga, nye studietilbod og svarar på spørsmål som måtte kome, fortel Elisabeth Welle, studieleiar ved Barnehagelærarutdanninga.
– Alle lærarutdanningane våre er representerte på desse møta, både barnehage- og grunnskulelærarutdanningane, i tillegg til den praktisk-pedagogiske utdanninga, seier Welle.
Bli lærar i Volda! Høgskulen i Volda har utdanna lærarar i meir enn 150 år, og tilbyr ei unik praksisnær utdanning med fokus på framtidas klasserom og barnehagar.
Les meir om utanningane våre her!
Første møtet i Fosnavåg

Alt i januar vart det første informasjonsmøtet gjennomført, i Fosnavåg.
– For oss studieleiarane var møtet ei stadfesting på at dette er eit viktig treffpunkt for å møte potensielle søkjarar til lærarutdanningane, seier Kathrine Skarseth, studieleiar ved HVO si praktisk-pedagogiske utdanning (PPU).
– Særleg kjekt var det å få høve til å snakke med frammøtte, slik at dei fekk svar på det dei lurte på om tilboda våre, fortel Skarseth.
Lene Nupen, kommunalsjef for oppvekst og kultur i Herøy kommune, var positivt overraska over alle som melde si interesse.
– Eg opplevde rekrutteringsmøtet som godt, og etter alt å dømme er denne typen samarbeid mellom kommunen og Høgskulen i Volda viktig for rekruttering av lærarar, både no og i framtida. Det gjeld distriktet vårt, men også behovet for å ha eit likeverdig tilbod til alle barn og unge i vår kommune, slår ho fast.
– Samarbeidet gjer oss som kommune meir bevisst på at vi har eit handlingsrom, seier Lene Nupen.