Søk studium for hausten 2025

No kan du søke studieplass med oppstart til hausten ved Høgskulen i Volda. Sjå alle tilboda våre og søk no! 

Tekst: Vilde Moltudal Igland

- Oppdatert

Del på:

Her er tilbod både for deg som vil bli ny student og deg som vil bygge på eller ta etter- og vidareutdanning. Det er mogleg å studere både på heiltid, deltid og nett.

Samordna opptak

Samordna opptak har laga ei samleside med spørsmål og svar knytt til søknadsprosessen. Her finn du svar på når du får stadfesta plass, kva du må gjere når tilbodet kjem, om og når du må ha politiattest, og liknande. 

Velkommen til Volda!

Eit unikt studentmiljø og solide utdanningar er svært gode grunnar for å studere i ei bygd på Sunnmøre. Legg du til at at det er billig å bu, internasjonalt miljø og korte avstandar på og rundt campus, kan kanskje Høgskulen i Volda vere noko for deg?

Få eit innblikk i studiebygda Volda!

Lokalt opptak

Det lokale opptaket går gjennom vår lokale Søknadsweb. Du som søkjar grunnutdanning må vise til generell studiekompetanse eller tilsvarande. Til nokre av vidareutdanningane og masterutdanningane våre kan spesielle opptakskrav kome i tillegg. For informasjon om opptakskrav på studiet du vil søkje på, sjå studieoversikta.

Del på: