Studiebarometeret: Solid oppgang for nøgde Volda-studentar
Studentane ved Høgskulen i Volda (HVO) har talt, og tala er svært oppløftande. På mange område var HVO-studentane i 2024 både meir nøgde enn tidlegare og over det nasjonale snittet i tilfredsheit. Journalistikk, friluftsliv og biblioteket er mellom favorittane. – Ein jubeldag, seier HVO-rektor Tonheim.
![Mediestudentar i Volda.](/sites/default/files/styles/hero_media/public/2025-02/HiVolda_2024_Campus_web-0458-1.jpg?h=571f8567&itok=HiZAjMXQ)
Mediestudentane ved Høgskulen i Volda var særs nøgde med bachelorprogramma sine i 2024, viser Studiebarometeret som blei lagt fram 10. februar 2025. Foto: Marius Beck Dahle.
Resultata frå det nasjonale Studiebarometeret 2024 blei offentleggjorde i dag, og for Høgskulen i Volda (HVO) er det samla sett sterke og gledelege resultat som kjem fram.
Kvar haust blir over 70 000 studentar spurde om korleis dei ser på kvaliteten i studieprogramma sine. Undersøkinga går ut til andreårsstudentar på bachelorprogram og masterprogram og femteårsstudentar på femårige masterprogram.
Den overordna tilfredsheita for HVO-studentane i 2024 er 4,0 (på ein poengskala som går opp til 5,0). Dette er ein oppgang på 0,2 frå 2023.
Blant åtte hovudområde i undersøkinga ligg HVO over det nasjonale snittet på seks område og vesentleg over snittet på fire av dei.
Samanlikna med HVO-tala for året før utgjer dette ein framgang på seks hovudområde og ingen nedgang på nokon av hovudområda.
Ein jubeldag for Høgskulen i Volda
– Det er ei stor glede å sjå at studentane våre samla sett er godt nøgde med studia og tenestene vi leverer, så dette må vi kunne kalle ein jubeldag! seier ein strålande blid HVO-rektor Odd Helge Mjellem Tonheim.
Tonheim trur mykje av forklaringa på framgangen handlar om at HVO har lagt vekt på kvalitetsarbeidet i utdanningane.
– I organisasjonen har vi jobba aktivt med å forbetre kvaliteten i utdanningane og alle tenestene våre på bakgrunn av tilbakemeldingar i det årlege Studiebarometeret og dialogen elles med studentane. Som ein relativt liten utdanningsinstitusjon er vi veldig opptekne av å vere tett på studentane våre: Det skal vere låg dørstokk inn til dei tilsette.
![Andre Folkestad.](/sites/default/files/2025-02/Andre-Folkestad-HVO.jpg)
Mediestudentar på topp
Som tidlegare scorar dei populære bachelorutdanningane ved Avdeling for mediefag (AMF) høgt i Studiebarometeret. Øvst i tilfredsheit ved AMF finn vi bachelor i animasjon (4,9), men med eit solid byks på 0,8 poeng opp frå året før kjem bachelor i journalistikk like bak med 4,8 poeng.
Studieprogramansvarleg André Folkestad er godt nøgd med resultata til journalistikkutdanninga:
– Først og fremst er dette svært gledeleg for alle som jobbar hardt for journalistikkutdanninga. Enda viktigare er det at resultata stadfestar at mykje av det vi gjer, fungerer godt. Det viser at studentane opplever utdanninga som relevant, og at ho gir dei eit solid grunnlag for ein karriere i mediebransjen.
Kva trur du er nøkkelen til at studentane dykkar er så fornøgde?
– Vi har lagt stor vekt på å utvikle eit godt fagleg innhald og ein god samanheng mellom teoretiske og praktiske emne. Likevel er det nok praksisperiodane som er den viktigaste suksessfaktoren. Studentane får jobbe på same måte som i bransjen, med profesjonelt utstyr og fasilitetar som speglar arbeidslivet dei skal ut i, fortel Folkestad.
Bachelor i PR, kommunikasjon og media og bachelor i medieproduksjon gjer det også skarpt med høvesvis 4,7 (opp 0,8) og 4,3 (opp 0,3) poeng.
Journalistlinja har lenge vore eit flaggskip for HVO, og dei gode resultata frå den ferske undersøkinga opplever Folkestad som svært motiverande:
– At vi i år også har rekordmange journaliststudentar frå heile landet, viser at vi har eit tilbod som er attraktivt – sjølv for dei som må flytte frå dei store byane. Dette stadfestar at journalistikkutdanninga i Volda held ein høg standard og er eit viktig fagmiljø ved HVO.
Friluftsliv scorar høgt
Blant fleire andre HVO-studium som gjer det skarpt i undersøkinga, utmerkjer også bachelorgraden Friluftsliv og naturguide seg.
Dette studietilbodet scorar 4,5 av 5,0 moglege poeng, noko som både er 0,7 poeng opp frå førre år og det beste resultatet bacheloren har hatt på mange år. Nesten alle friluftslivstudentane (93 prosent) har svart på undersøkinga.
– Det er jo veldig gode tal, så det er sjølvsagt hyggjeleg å få ei bekrefting på at det vi driv med, går riktig veg, seier studieprogramleiar Audun Røhnebæk Stikbakke når han høyrer kor fornøgde studentane var i 2024.
Kva ligg bak dette, trur du?
– Det er vanskeleg å setje fingeren på ein spesiell ting, men det er nok ein kombinasjon av at vi har dyktige og engasjerte studentar og tilsette. Vi er mykje ute på tur, noko som gir gode rammer for undervisninga på mange plan.
Stikbakke fortel at dei jobbar mykje med å forbetre studiet og lytte til studentane sine meiningar om korleis dette kan gjerast. Utdanninga har også implementert og fått godkjent ein internasjonal standard for naturguidar, noko som er eit tydeleg kvalitetsteikn for studentane.
– Fornøgde studentar er nok det viktigaste med tanke på vidare rekruttering til studiet, så vi vil forsetje å stå på for å oppretthalde kvaliteten, understrekar Stikbakke.
![Studieprogramleiar Audun Røhnebæk Stikbakke og biblioteksjef Mariann Schjeide.](/sites/default/files/2025-02/Audun-Mariann.jpg)
Biblioteket styrkjer det gode studentlivet i Volda
På følgjande seks hovudområde i undersøkinga gjer HVO det betre enn det nasjonale gjennomsnittet:
- undervisning
- tilbakemelding og rettleiing
- fysisk læringsmiljø og infrastruktur
- organisering av studieprogrammet
- vurderingsformer
- tilknyting til arbeidslivet
HVO scorar 0,1 poeng under landssnittet på hovudområda fagleg og sosialt læringsmiljø og på (studenten sitt) eige engasjement.
Mellom enkeltspørsmåla studentane gir poeng på, er det bibliotek og bibliotektenester HVO-studentane er mest fornøgde. Her er poengsummen ved HVO heile 4,4 av 5,0 moglege poeng (0,3 over snittet nasjonalt).
HVOs biblioteksjef Mariann Schjeide er glad og takksam for resultatet.
– Det var overraskande at vi gjorde det endå betre enn sist biblioteket var med i undersøkinga, for då gjorde vi det også bra!
Kva er det de får til, som gjer at Volda-studentane er så nøgde med biblioteket?
– Vi har dedikerte, fagsterke tilsette med stor eigenmotivasjon. I tillegg er vi flinke til å følgje med på det som skjer, og vi er opptekne av å vere «på». Biblioteket er også del av velferdsgruppa som tek ekstra vare på studentane i eksamenstida med frukost, tacokveld og liknande. Særleg dei utanlandske studentane er himmelfalne over dette! To gonger i veka har vi også ein eigen rettleiingsskranke, der studentar kan få hjelp i fred og ro.
Når det kjem utanlandsbesøk på omvising, fortel Schjeide gjestene at høgskulebiblioteket er hjartet av campus i Volda.
– Vi har ei god plassering, og lokala framstår ganske nye, med mykje lys og luft. Vi ønskjer også å vere ein møteplass, og så er vi opptekne av å endre oss aktivt og visuelt med utstillingar. Gjennom året har vi også fleire arrangement som trekkjer folk.
Biblioteksjefen trur arbeidsglede er stikkordet for at studentane er så nøgde med tilboda til høgskulebiblioteket i Volda.
– Vi har det kjekt i lag, og då får vi til ting. Og eg opplever at vi blir verdsette av leiinga.
![Eivind Patrick Hanevik og Odd Helge Mjellem Tonheim.](/sites/default/files/2025-02/Eivind-Odd-Helge.jpg)
Litt opp og litt ned for tilfredsheita på lærarstudia
Som i tidlegare år er grunnskulelærarstudentane blant dei mest kritiske i Studiebarometeret, og dette viser også att i sprikande resultat for 2024 blant lærarstudentane i Volda.
Medan masterutdanninga for grunnskulelærar på 5.–10. trinn har betre resultat enn fjoråret med 3,6 poeng (0,5 opp), har masterutdanninga for grunnskulelærar på 1.–7. trinn ein nesten tilsvarande nedgang til 3,2 poeng (0,3 ned).
– Det er sjølvsagt ikkje slike resultat vi ønskjer på grunnskulelærarutdanninga, men det er enklare å motta dette når vi har ein god idé om kva som er bakgrunnen. Tala viser at det er spesielt éi studentgruppe som gir svak score, og der er vi allereie i dialog med studentane, fortel studieleiar Eivind Patrick Hanevik.
Hanevik vil vere forsiktig med å tolke resultat frå år til år, men peikar på at det er gledeleg å sjå at Volda jamt over scorar godt samanlikna med andre lærarutdanningsinstitusjonar.
– Det høyrest kanskje rart ut, men eg er mest oppteken av at studentane skal oppleve at dei får ei utdanning av høg kvalitet – og så håpar eg at dét resulterer i fornøgde studentar. Derfor jobbar vi kontinuerleg med kvalitet i utdanninga i samarbeid med praksisfeltet og studentane gjennom kvalitetssystemet.
På lærarstudia er fagmiljøet klar for å brette opp ermane vidare.
– Vi skal no kike på dei enkelte delane av undersøkinga for å sjå på kva vi må ta tak i framover. Vi fekk i desember ein særs omfattande evalueringsrapport frå NOKUT som blant anna peikar på at vi i Volda kan bli betre til å jobbe på tvers av de ulike faga i grunnskulelærarutdanninga. Dette er spennande og noko vi ønskjer å sjå nærmare på, seier Hanevik.
Den ferske NOKUT-rapporten trekkjer samtidig fram samarbeidet med praksisfeltet som særleg positivt på grunnskulelærarutdanninga i Volda, og dessutan at grunnskulelærarutdanninga framstår velfungerande.
– Dette gir oss eit godt grunnlag for å jobbe vidare med kvalitet i denne profesjonsutdanninga, avsluttar ein motivert studieleiar Hanevik, og får støtte av rektor Tonheim:
– Vi er trygge på at vi leverer god kvalitet i lærarutdanningane.
Den generelle svarprosenten i Studiebarometeret kunne vore betre, og dette er noko høgskulen vil jobbe med framover. Men rektor Tonheim meiner tilbakemeldingane uansett viser at HVO har dyktige undervisarar og leverer gode tenester til studentane:
– Det betyr mykje for studiebygda Volda at så mange av studentane er nøgde med å studere her, og dei gode resultata totalt sett viser at Høgskulen i Volda har eit solid og breitt utdanningstilbod. Vi ønskjer sjølvsagt også at mange fleire kjem til HVO: Velkommen skal de vere til å søkje! oppmodar ein engasjert rektor.