Volda inspirerer: Fleire vil lære lærarstudentar å mikroforske
Høgskulen i Volda har utvikla kjeldearbeid som metode i lærarutdanninga. No veks prosjektet til eit samarbeid med Universitetet i Innlandet, der metoden blir møtt med stor entusiasme.

Kariin Sundsback, førsteamanuensis i historiedidaktikk ved Universitetet i Innlandet (INN), held innlegg under seminaret på Hamar.
Ein trio frå Høgskulen i Volda (HVO) var nyleg på Hamar for å innleie eit nytt og spennande samarbeid med Universitetet i Innlandet (INN). Bakgrunnen er eit HVO-prosjekt om kjeldearbeid som metode i lærarutdanninga: «Arkivet i demokratiets teneste».
Trudi Henrydotter Eikrem, førstelektor i historiedidaktikk ved Avdeling for samfunnsfag og historie, er ansvarleg for prosjektet, som kom i gang i 2021.
Prosjektet, som hovudsakleg er finansiert av Arkivverket, er eit samarbeid mellom Interkommunalt arkiv for Møre og Romsdal IKS (IKAMR), ved rådgivar Åsta Vadset, og HVOs høgskulebibliotek, ved rådgivar Elin Gundersen.
Gjennom samarbeidet med Innlandet kan prosjektet frå Volda no kome mange fleire til nytte.
Mikroforsking trener lærarstudentane i kritisk refleksjon
I prosjektet får tredjeårsstudentar arbeide med mikroforsking: Dei gjer små utsnitt av primær- og sekundærkjelder, litteratur, fotografi og gjenstandar – i ein digital forskingssal.
Studentane kan velje seg kjelder frå ulike sektorar som helse, sosial og barnevern, globalhandel, skule og fritid. Studentane undersøkjer utsnitt frå primærkjeldematerialet som blir transkribert og tolka.
Funn i kjeldematerialet blir sett inn i ein større historisk kontekst ved hjelp av sekundærkjelder, fotografi eller gjenstandar og vidare undersøkt i lys av nyare forskingslitteratur.
Målet er at studentane gjennom å forske skal reflektere over transparens og informasjonsflyt som demokratisk prinsipp, i lys av samspelet mellom arkiv, bibliotek og høgare utdanning.
Dette dannar eit godt grunnlag for å øve opp kritisk refleksjon og inngår i demokratiopplæringa. Ved HVO er prosjektet del av emnet Perspektiv på samfunnsfagdidaktikk. Arbeidsmåten er også tilpassa og nytta i kurset Historisk innføringsemne ved Historisk institutt.
– Arbeidsmåten er systematisk evaluert, og HVO-studentane har så langt gitt gode tilbakemeldingar, fortel prosjektansvarleg Trudi Henrydotter Eikrem.


Samarbeid med Innlandet møter stor entusiasme
Som prosjektansvarleg tok Eikrem i haust kontakt med Universitetet i Innlandet (INN) for å lodde interessa for eit samarbeid.
Dette førte til at INN i februar 2025 arrangerte eit todagars seminar med god oppslutning frå ulike institusjonar i regionen: tre representantar frå Innlandet fylkesarkiv / IKA Opplandene, éin frå universitetsbiblioteket ved INN, to frå Statsarkivet i Hamar, éin frå Anno museum på Hamar, to frå Institutt for samfunnsfag, religion og etikk ved INN. Frå Sunnmøre stilte nemnde Eikrem og Gundersen ved HVO og Vadset ved IKAMR.
Dei tre representantane frå HVO leia seminaret, der dei viste fram korleis HVO har rigga prosjektet i den digitale læringsplattforma Canvas ved hjelp av ein digital forskingssal, og delte og drøfta erfaringar og tilbakemeldingar med ei interessert forsamling.
– Entusiasmen på Hamar var stor, og faggruppene er no i gang med å undersøkje HVO sine løysingar med tanke på å lage eit liknande prosjekt, slik at vi kan etablere eit tett forskingssamarbeid, fortel Eikrem.
Vil utvikle ein sterkare delingskultur
Det nye samarbeidet mellom HVO og INN skal skape nytenking og utvikling i lærarutdanninga, men også bidra til at studentane kan samstudere på tvers av institusjonane.
– Å etablere eit profesjonsfagleg nettverk utover eigen region bidreg til å styrkje informasjonssirkulasjon og utvikle ein delingskultur på tvers av grenser, understrekar Eikrem.
Etter ein lovande start skal partane i prosjektet møtast att til hausten for å vidareutvikle den digitale forskingssalen og organisere samarbeidsformer for lærarar, arkivtenestene, biblioteka og studentane.
– For studentane sin del er målet at samarbeidet startar opp i 2026, avsluttar Eikrem.
