Semestre

ENG142 Litteratur, kultur og samfunn etter 1900

Emnekode: 
ENG142
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2024 Haust
Emnenavn på engelsk: 
Literature, culture and society after 1900
Emnenavn på bokmål: 
Litteratur, kultur og samfunn etter 1900
Eksamenssemester: 
2024 Haust
Undervisningsspråk: 
Engelsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Emnet gir ei innføring i moderne litteratur, kultur og samfunn frå den engelskspråklege delen av verda etter 1900. Det omfattar eit breitt utval hendingar, tekstar og andre sosiale og kulturelle fenomen frå USA, Storbritannia og dei tidlegare britiske koloniane, og gjev studentane ferdigheiter til å forstå, analysere og vurdere dette materialet.

Erfaring med å lese lengre litterære tekstar på engelsk, samt ein god karakter i engelsk frå vidaregåande skule, vil vere ein fordel.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten:

  • har kunnskap om nokre viktige formelle og tematiske særtrekk ved engelskspråkleg litteratur etter 1900
  • har kunnskap om sentrale aspekt ved historie, kultur og samfunn i Storbritannia, USA og andre engelskspråklege land etter 1900
  • har kunnskap om grunnleggande teknikkar for litterær, kulturell og historisk analyse
  • har kunnskap om samspelet mellom samfunnshistorie, litteratur, kunst og kultur i denne perioden
  • har kunnskap om korleis ein skriv gode akademiske essay på engelsk
Ferdigheiter

Studenten:

  • kan analysere og tolke moderne engelske litterære tekstar i ulike sjangrar ved bruk av normerte metodar for litterær kritikk
  • kan vurdere og tolke politiske og historiske hendingar i engelskspråklege land etter 1900
  • kan nytte digitale ressursar til å analysere og vurdere litteratur, kultur og samfunn
  • kan samanlikne og analysere samspelet mellom litteratur, kultur og samfunn i denne perioden
  • kan skrive strukturelt og stilistisk gode akademiske essay på engelsk
Generell kompetanse

Studenten:

  • kan analysere, evaluere og presentere informasjon på ein kritisk og samanhengande måte
  • kan skrive overtydande og velstrukturerte akademiske essay
  • kan formidle engelskspråkleg kultur til eit breitt publikum
  • kan bruke digitale ressursar på ein kritisk og produktiv måte
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Det vert lagt opp til undervisning kvar veke. Den skjer i form av førelesingar, diskusjonar, gruppearbeid og individuelt arbeid. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav

Studenten skal delta aktivt på minimum 75% av all timeplanlagt undervisning, jf. § 6-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda

Arbeidskrav

For å kunne gå opp til eksamen må studenten også fullføre og få godkjent tre skriftlege arbeidskrav innan ein frist som vert kunngjort ved semesterstart:

1. ein kort tekst med relevans til arbeidslivet som formidlar engelskspråkleg kultur til eit breitt publikum (studentane kan bli spurt om å lese og kommentere oppgåvene til kvarandre)

2. eit kultur- og samfunnsarbeidskrav (1000 ord)

3. eit litteraturessay (1500 ord)

Ein student som får underkjent eit arbeidskrav får normalt eitt nytt forsøk på å fullføre dette (vanlegvis med kort frist). 

Sensorordning
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Timothy Saunders
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Engelsk - årsstudium
  • Engelsk - årsstudium (deltid)
  • Historie - bachelor
  • Språk og litteratur - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Digital eksamen
Individuell
6 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Eksamen består av tre delar: ei 1000-ord kultur- og samfunnsoppgåve (34%); ei kortsvarprøve om litteratur (33%); og eit 1500-ord litteraturessay (33%). Tema for litteraturessayet vert publisert på Canvas ei veke før eksamen.
Godkjent av: 
Arne Myklebust