Semestre

ENG142 Litteratur, kultur og samfunn etter 1900

Emnekode: 
ENG142
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2018 Haust
Eksamenssemester: 
2018 Haust
Undervisningsspråk: 
Engelsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Emnet gir ei innføring i moderne litteratur, kultur og samfunn frå den engelskspråklege delen av verda etter 1900. Det omfattar eit breitt utval hendingar, tekstar og artefaktar frå USA, Storbritannia og dei tidlegare britiske koloniane, og gjev studentane ferdigheitar til å forstå, analysere og vurdere dette materialet.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Etter fullført emne har studenten forståing og kunnskap om:

  • dei viktigaste formelle og tematiske særtrekka ved litterære sjangrar etter 1900
  • sentrale aspekt ved historie, kultur og samfunn i Storbritannia, USA og andre engelskspråklege land etter 1900
  • grunnleggande teknikkar for litterær, kulturell og historisk analyse
  • samspelet mellom sosialhistorie, litteratur, kunst og kultur i denne perioden
  • korleis ein skriv gode akademiske essay på engelsk
Ferdigheiter

Etter fullført emne kan studenten:

  • analysere og tolke moderne engelske litterære tekstar i ulike sjangrar ved bruk av normerte metodar for litterær kritikk
  • vurdere og tolke signifikansen av politiske og historiske hendingar i engelskspråklege land etter 1900
  • nytte digitale resursar til å analysere og vurdere litteratur, kultur og samfunn
  • samanlikne og analysere samspelet mellom litterære tekstar, kunst, trendar og hendingar i denne perioden
  • skrive strukturelt og stilistisk gode akademiske essay på engelsk
Generell kompetanse

Etter fullført emne kan studenten:

  • analysere, evaluere og presentere informasjon kritisk og koherent
  • skrive overtydande og velstrukturerte akademiske essay
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga skjer i form av forelesingar, diskusjonar, gruppearbeid og individuelt arbeid. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Studenten skal levere to arbeidskrav som må vere godkjent for at ein kan gå opp til eksamen: eit semesteressay på om lag 2000 ord i eit litterært emne, og eit kortare samfunns- og historiearbeidskrav på opp til 1000 ord. Det kan også bli stilt krav om kvarandrevurdering. Studenten har høve til å levere ein ny versjon av eit essay etter å ha fått tilbakemelding, dersom det ikkje vert godkjent.

Det er krav om 75 % frammøte til all timeplanlagt undervisning, jf. § 4-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda

Sensorordning
Maksimumstal: 
60
Emneansvarleg: 
Timothy Saunders
Marie Nedregotten Sørbø
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Bachelor i religion og livssyn
  • Engelsk - årsstudium
  • Engelsk - årsstudium (deltid)
  • Historie - bachelor
  • Språk og litteratur - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Digital eksamen
Individuell
6 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
1/3
Om eit kultur- og samfunnsemne
Heimeeksamen
Individuell
1 Veker
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
2/3
Om eit litterært emne
2000 ord.
Godkjent av: 
Anne Øie