Semestre
- 2024 Haust
- 2023 Haust
- 2022 Haust
- 2021 Haust
- 2020 Haust
- 2019 Haust
- 2018 Haust
- 2017 Haust
- 2016 Haust
- 2015 Haust
ENG142 Litteratur, kultur og samfunn etter 1900
Ingen
Emnet gir ei innføring i moderne engelskspråkleg litteratur, kultur og samfunn frå britisk og amerikansk område, samt andre delar av verda. Hovudtyngda av emnet vil vere arbeid med dei litterære tekstane og med kunnskap om kulturelle forhold og samtidshistorie frå engelskspråklege land. Ei rekkje litterære sjangrar vil vere representert, og studentane vil også bli introdusert for litterære termar og teknikkar for litterær og kulturell analyse. Dei litterære tekstane vil både bli referert til og brukt for å kaste lys over relevante historiske, sosiale og kulturelle spørsmål.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Etter fullført emne har studenten kunnskap om:
- aspekt ved historie og samfunn i Storbritannia, USA og andre engelskspråklege land etter 1900
- samspelet mellom sosialhistorie, litteratur, kunst og kultur i denne perioden
- dei viktigaste formelle og tematiske særtrekka ved litterære sjangrar og historiske, sosiale og kulturelle trendar etter 1900
Etter fullført emne kan studenten:
- analysere og tolke moderne litterære tekstar på engelsk ved bruk av normerte metodar for litterær kritikk
- vurdere og tolke signifikansen av politiske og historiske hendingar i engelskspråklege land etter 1900
Etter fullført emne kan studenten:
- finne og nytte pålitelege kjelder
- skrive overtydande og effektivt på akademisk engelsk
Undervisninga skjer i form av forelesingar, diskusjonar, gruppearbeid og individuelt arbeid. Det er krav om 75 % frammøte til all timeplanlagt undervisning, jf. § 4-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda
Studenten skal levere to arbeidskrav som må vere godkjent for at ein kan gå opp til eksamen: eit kort samfunns- og historiearbeidskrav på opp til 1000 ord og eit semesteressay på om lag 2000 ord om eit litterært emne. Samfunns- og historiearbeidskravet vil få ei felles vurdering. For det lengre essayet vil kvar student få ei - 1 - tilbakemelding frå faglærar, føresett at studenten leverer essayet innan oppsett frist. Studenten har høve til å levere ein ny versjon av essayet etter å ha fått tilbakemelding, dersom essayet ikkje vert godkjent.
Det er krav om (minimum 75 %) obligatorisk frammøte.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
- Bachelorgradsstudium i religion og språk
- Engelsk - årsstudium
- Engelsk - årsstudium (deltid)
- Historie - bachelor
- Språk og litteratur - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Digital eksamen | Individuell | 4 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 1/3 | |||
Heimeeksamen | Individuell | 1 Veker | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 2/3 | 2000 ord. |