Semestre
- 2024 Haust
- 2023 Haust
- 2022 Haust
- 2021 Haust
- 2020 Haust
- 2019 Haust
- 2018 Haust
- 2017 Haust
- 2016 Haust
- 2015 Haust
ENG142 Litteratur, kultur og samfunn etter 1900
Ingen
Emnet gir ei innføring i moderne litteratur, kultur og samfunn frå den engelskspråklege delen av verda etter 1900. Det omfattar eit breitt utval hendingar, tekstar og andre sosiale og kulturelle fenomen frå USA, Storbritannia og dei tidlegare britiske koloniane, og gjev studentane ferdigheiter til å forstå, analysere og vurdere dette materialet.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Etter fullført emne har studenten forståing og kunnskap om:
- nokre viktige formelle og tematiske særtrekk ved engelskspråkleg litteratur etter 1900
- sentrale aspekt ved historie, kultur og samfunn i Storbritannia, USA og andre engelskspråklege land etter 1900
- grunnleggande teknikkar for litterær, kulturell og historisk analyse
- samspelet mellom samfunnshistorie, litteratur, kunst og kultur i denne perioden
- korleis ein skriv gode akademiske essay på engelsk
Etter fullført emne kan studenten:
- analysere og tolke moderne engelske litterære tekstar i ulike sjangrar ved bruk av normerte metodar for litterær kritikk
- vurdere og tolke politiske og historiske hendingar i engelskspråklege land etter 1900
- nytte digitale ressursar til å analysere og vurdere litteratur, kultur og samfunn
- samanlikne og analysere samspelet mellom litteratur, kultur og samfunn i denne perioden
- skrive strukturelt og stilistisk gode akademiske essay på engelsk
Etter fullført emne kan studenten:
- analysere, evaluere og presentere informasjon på ein kritisk og samanhengande måte
- skrive overtydande og velstrukturerte akademiske essay
- formidle engelskspråkleg kultur til eit breitt publikum
- bruke digitale ressursar på ein kritisk og produktiv måte
Det vert lagt opp til undervisning kvar veke. Den skjer i form av førelesingar, diskusjonar, gruppearbeid og individuelt arbeid.
Frammøtekrav
Studenten skal delta aktivt på minimum 75% av all timeplanlagt undervisning, jf. § 4-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda
Arbeidskrav
For å kunne gå opp til eksamen må studenten også fullføre og få godkjent tre skriftlege arbeidskrav innan ein frist som vert kunngjort ved semesterstart:
- ein kort tekst med relevans til arbeidslivet som formidlar engelskspråkleg kultur til eit breitt publikum (studentane kan bli spurt om å lese og kommentere oppgåvene til kvarandre)
- eit samfunns- og historiearbeidskrav (1000 ord)
- eit litteraturessay (1500 ord)
Ein student som får underkjent eit arbeidskrav får normalt eitt nytt forsøk på å fullføre dette (vanlegvis med kort frist).
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Engelsk - årsstudium
- Engelsk - årsstudium (deltid)
- Historie - bachelor
- Språk og litteratur - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Digital eksamen | Individuell | 6 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Gjennomførast som heimeeksamen | Eksamen består av tre delar: ei 1000-ord samfunns- og historieoppgåve (34%); ei kortsvarprøve om litteratur (33%); og eit 1500-ord litteraturessay (33%). Tema for litteraturessayet vert publisert på Canvas ei veke før eksamen. |