Semesters
- 2025 Spring
- 2024 Autumn
- 2024 Spring
- 2023 Autumn
- 2023 Spring
- 2022 Autumn
- 2021 Autumn
- 2022 Spring
- 2021 Spring
- 2020 Autumn
- 2020 Spring
- 2019 Autumn
- 2019 Spring
- 2018 Autumn
- 2018 Spring
- 2017 Autumn
- 2016 Autumn
ENG213 Bacheloroppgåve - litteratur
I samraad med rettleiar maa studenten setje saman ei bokliste paa 500 sider med relevant teori- og sekundaerlitteratur. Denne lista maa godkjennast foer studenten leverer den skriftlege oppgaava.
75 studiepoeng frå fire grunnemne i engelsk, ENG141, ENG142, ENG43, ENG144 og minst eitt fordjupingsemne i engelsk, anten ENG203 eller ENG205.Fordjupingsemnet kan takast parallelt med bacheloroppgåva og bacheloroppgåva må byggje på fordjupingsemnet.
Emnet består av ei individuell, skriftleg oppgåve og eit tilhøyrande teoripensum. Oppgåva er på 7000-9000 ord (bokliste og vedlegg ikkje medrekna). Studenten vel sjølv tema for denne i samråd med emneansvarleg. Arbeidet skal vere ei forlenging av det litterære og/eller kulturelle fordjupingsemnet han/ho har avlagt eksamen i, eller skal avlegge eksamen i same semester. Oppgåva skal skrivast på engelsk.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
- Studenten har inngåande kunnskap om eit utvald litterært og/eller kulturelt emne.
- Studenten har grunnleggande kunnskap om relevant teori og forskingsmetode.
- Studenten kan arbeide sjølvstendig med å finne naudsynt kjeldemateriale, og med å bearbeide og presentere stoff i ei lengre, skriftleg form.
- Studenten kan rette seg etter gjeldande normer for akademisk skriving.
------------------
Studenten skal i samråd med faglærar velje tema, problemstilling og avgrensing for oppgåva. Det er ein føresetnad at studenten arbeider sjølvstendig. Studenten får rettleiing frå faglærar undervegs i prosessen. Arbeidet med stoffet er elles sjølvstudium.
Studenten må levere eit oppsett over emne, problemstilling og pensumframlegg innan oppsett frist i byrjinga av semesteret. Studenten skal møte til to eller tre avtalte rettleiingssamtalar med faglærar, alternativt nett/telefon-samtalar. Oppgåva med pensumlister må leverast innan oppsett frist. For å få godkjent arbeidskrava må studenten halde seg til fastsette fristar. I samraad med rettleiar maa studenten setje saman ei bokliste paa 500 sider med relevant teori- og sekundaerlitteratur. Denne lista maa godkjennast foer studenten leverer den skriftlege oppgaava.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
- English - specialization
Assessment Form | Grouping | Duration | Grading scale | Proportion | Comment | Support Materials | Scope |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Bachelor's thesis | Individual | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | |||||
Adjusting oral examination | Individual | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 |