Semesters
- 2025 Spring
- 2024 Spring
- 2023 Spring
- 2022 Spring
- 2021 Spring
- 2020 Spring
- 2019 Spring
- 2018 Spring
- 2017 Spring
- 2016 Spring
INF213 PR og kommunikasjon 5: Arbeidslivsrelevans gjennom praksis
I dette emnet skal studenten få førstehands kjennskap til yrkesrolla, om mogleg gjennom utplassering i ekstern praksis, eller ved å bruke case og dømer frå relevant arbeidsliv i ei oppgåveinnlevering. Det vil bli lagt vekt på meir generell profesjonskunnskap og refleksjon rundt utvalde case. I den avsluttande oppgåva skal studenten vise metodisk og teoretisk refleksjon og bruke innsikt og erfaring som er tileigna i løpet av heile bachelorstudiet.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten
- har god kunnskap om informasjon- og kommunikasjonsarbeid som profesjon
- har kunnskap om aktuelt regelverk knytt til ulike yrkesroller innan kommunikasjon
- har kunnskap om reiskapar for å evaluere kommunikasjonstiltak, og kunne vurdere kva typar metode som er aktuell i ulike samanhengar
- kjenner til krav til og malar for ein avsluttande oppgåve i faget
Kandidaten
- kan bidra konstruktivt i praktisk kommunikasjonsarbeid i eit profesjonelt kommunikasjonsmiljø
- kan vere med på på å planlegge og gjennomføre kommunikasjonstiltak under rettleiing i ein organisasjon
- kan skrive ei større akademisk oppgåve
Kandidaten
- kan bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i ulike situasjonar gjennom å vise samarbeidsevne, ansvarskjensle, evne til refleksjon og kritisk tenking i utdannings- og yrkessamanheng
Undervisninga vil foregå som forelesingar, seminarundervisning og individuell rettleiing. Semesteret er delt i tre: Den første tredjedelen vert det gjeve undervisning i fellesemna. I den andre tredjedelen gjennomfører studentane ei praksisperiode som om mogleg er knytt til ein ekstern organisasjon, eller ved å bruke case og dømer frå relevant arbeidsliv i ei oppgåveinnlevering. Den siste tredjedelen er avsett til praksisoppsummering og individuelt arbeid med den avsluttande oppgåva.
- Deltaking på obligatorisk undervising
- Munnleg presentasjon av erfaringane frå praksis for faglærarar og dei andre studentane ved bachelorprogrammet
- Gjennomføre obligatorisk emneevaluering ved slutten av semesteret
Meir detaljert informasjon rundt den praktiske gjennomføringa av arbeidskrava vert gjeve i Canvas/arbeidsplanen.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
- PR, Communication and Media - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individual | 1 Semesters | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 30 | Omfang på oppgåva: 4 000 ord. | ||
Oral examination | Individual | 30 Minutes | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 70 |