Semesters
KOH116 Leire - handverk og funksjon
Emnet er eit valfritt emne i studieprogram Bachelor i Kunst og handverk. Emnet er også ope for vidareutdanningsstudentar. Gjennom kreative prosessar, problemløysning og produktutvikling vert det utvikla formkompetanse, materialforståing og designkompetanse innanfor materialet leire. Emnet vil i tillegg fokusere på didaktisk og metodisk kompetanse retta mot undervisning i skulen.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
- har kunnskap om fagområdet leire som materiale, i designprosess og skulefag
- har kunnskap om kunst og kulturstoff knytt til gjenstandskulturen
- har kunnskap om kreativitet og estetiske prosessar
- har kunnskap om form- og funksjonsanalyse
Studenten:
- kan bruke ulike konstruksjons- og overflateteknikkar i materialet
- kan bruke form- og funksjonsanalyse som verkty i vurdering av eigne og andre sine arbeid
- kan jobbe bevisst med ideutvikling og skissearbeid som del av ein kreativ prosess
- kan planlegge og gjennomføre produksjonsprosessar frå ide til ferdig form
- kan planlegge, organisere og vedlikehalde gode verkstader.
Studenten:
- kan utnytte faget sitt potensiale til å fremje gjenbruk og berekraftig utvikling
- kan reflektere over relevante HMS-tiltak knytt til fagområdet
- kan bruke verdiar i faget til å stimulere til eige personlegdomsutvikling og danning
Arbeids- og undervisningsformene i studiet er ein kombinasjon av førelesing, bruk av digitale læringsressursar og praktisk og teoretisk oppgåveløysing.
Undervisninga vert organisert både individuelt og i grupper, og arbeidet kan vere både lærar- og studentstyrt.
Studenten får prosessevaluering i arbeidsøktene og i framleggingssituasjonar. Studentar som er borte frå undervisninga har sjølve ansvar for å orientere seg om det som gjekk føre seg i deira fråvær.
Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen, om obligatorisk frammøte og deltaking §4-6 ( https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697).
Arbeidskrav: Eit praktisk arbeid med prosessdokumentasjon lagd fram til fastsett tid.
Sensur blir gjennomført med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap 5 §4-6
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Studenten betaler ei materialavgift på kr 900,- til innføringsblokkene.
Studenten betalar sjølv materiale til eksamensoppgåva.
- Design, Arts and Crafts
- Design, Arts and Crafts - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praktisk eksamen | Individual | Semester | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Ei praktisk oppgåve, arbeidsbok og rapport |