Semesters

KOH132 Arkitektur i skulen

Course code: 
KOH132
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2018 Spring
Assessment semester: 
2018 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen

Course content

 

Emnet er obligatorisk i Bachelorgraden i Kunst og handverk, og er også ope for vidareutdanningsstudentar. Sentralt i emnet står skapande arbeid innanfor ulike materialområde i to- og tredimensjonale uttrykk. Studenten utviklar grunnleggjande innsikt i, og forståing for, det fysiske nærmiljø, lokal arkitektur og byggeskikk for å ta dette i bruk i eige skapande arbeid. I emnet vil studenten reflektere over korleis arkitektur kan opplevast og diskuterast, i fortid og notid, og gjennom kreative prosessar, problemløysing og produktutvikling vert det utvikla materialforståing og design- og bearbeidingskompetanse innan ulike materialer. Emnet vil i tillegg fokusere på didaktisk og metodisk kompetanse retta mot undervisning i skulen

Learning outcome

 I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten:

  • har kunnskap om kreativitet og estetiske prosessar
  • har kunnskap om arkitekturanalyse og kjennskap til arkitektur og byggeskikk i notid og fortid
  • har kunnskap om korleis arkitektteikningar og digitale presentasjonar av byggeprosjekt vert produsert og presentert
  • har kunnskap om ulike materialer,  teknikkar og verktøy til konkrete oppgåveløysingar.
  • har kunnskap om digitale verktøy knytt til arkitektur
  • har kunnskap om emnet sin plass i fagdidaktiske- og tverrfaglege samanhengar
Learning outcome skills

Studenten:

  • kan bruke formalestetiske virkemiddel og reflektere rundt desse i eige og andre sitt arbeid
  • kan utføre  arkitekturanalyse på eige og andre sitt arbeid
  • kan bruke arkitektur og aktuell byggeskikk som utgangspunkt for nyskaping i eige arbeid
  • kan bruke ulike materiale, verktøy og teknikkar i varierte arbeidsoppgåver
  • kan dokumentere og formidle eigne skapande prosessar
  • kan sette emnet inn i fagdidaktisk- og tverrfagleg samanheng
Learning outcome qualification

 Studenten:

  • kan utnytte faget sitt potensiale til å fremje god byggeskikk og berekraftig utvikling
  • reflektere over relevante HMS-tiltak knytt til fagområdet, materiale og verkstadar
  • kan bruke verdiar i faget til å stimulere eiga personlegdomsutvikling og danning
Working and learning activities

Emnet er hovudsakleg konsentrert om praktisk arbeid i verkstaden med utgangspunkt i tema, verkty og teknikkar. Studentane arbeider enkeltvis eller i grupper med faglege problemstillingar gitt av faglærar. Undervisningsformene er ein kombinasjon av forelesing,individuell oppgåveløysing og sjølvstudium. Studenten får uformelle prosessevalueringar i arbeidsøktene. Studentar som er borte frå undervisninga har sjølve ansvar for å orientere seg om det som gjekk føre seg under deira fråvær.

Assessment requirements

Det er obligatorisk oppmøte og deltaking til alle organiserte læringsaktivitetar, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-6.

Arbeidskrav: Praktiske arbeid med prosessdokumentasjonar frå innføringsblokk lagd fram til fastsett tid

Evaluation system

Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Evaluation

Studiekvalitetsarbeidet vert gjennomført i samsvar med gjeldande retningslinjer for HVO.

Minimum number of students: 
12
Maximum number of students: 
18
Person in charge: 
Thorstein Vasset
Expenses

Materialavgift: Studenten betaler ei materialavgift på kr. 800,- til innkjøp av fellesmateriale, samt supplering av utstyr i spesialrom. I tillegg må kvar student pårekne kjøp av litt reiskap/utstyr. Liste over slikt utstyr vert delt ut ved studiestart.

Used in other programs
  • Design, Arts and Crafts
  • Design, Arts and Crafts - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individual
Weeks
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Praktisk oppgave med prosessdokumentasjon og didaktisk refleksjon
Approval signature: 
Aud Folkestad