Semestre
KOH202 Bacheloroppgåve i design, kunst og handverk
KOH131, KOH133, KOH138, KOH134 + KOH204 eller KOH203
Emnet er eit obligatorisk emne i studieprogrammet Bachelor i design, kunst og handverk. Emnet handlar om korleis kunnskap vert innhenta og utvikla innanfor faget, i eit utviklings- og fornyingsperspektiv. Studentane skal få trening i å gjennomføre eit sjølvstendig praktisk fagleg arbeid med forskingstilsnitt. Utviklingsarbeidet kan ha ei fagdidaktisk forankring.
I samsvar med det najonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
- har kjennskap til filosofi og vitskapsteori
- har kunnskap om relevante metodar, og fokus på kunstfagleg- og pedagogisk FOU
- har kunnskap om eige problemfelt
- har kunnskap om problemstilling, kjeldemateriale og empiri, presentasjon og vurdering av resultat
- har kunnskap om kunst- og formkultur relatert til eige prosjekt.
Studenten:
- kan planleggje og gjennomføre eit sjølvstendig utviklingsarbeid og avgrense eige problemområde
- kan utforme problemstillingar og bruke kjeldemateriale og empiri
- kan skape, presentere og vurdere resultat.
Studenten:
- kan vise eit faglig engasjement i aktuelle spørsmål om kunst, design og handverksfaglege tema i ulike samanhengar
Arbeids- og undervisningsformene i studiet er ein kombinasjon av førelesing, bruk av digitale formidlings- og læringsressursar og praktisk og teoretisk oppgåveløysing. Det vert gitt både undervegs- og sluttvurdering gjennom semesteret. Rettleiing er ein viktig del av vurderingsarbeidet, samt dialogseminar der alle involverte tek del i vurderingsarbeidet. Det er forventa at studentane tek del på eindags studietur i regionen. Studentane må sjølve dekkje reiseutgifter ved deltaking på studieturen. Om studentar ikkje har høve til å ta del på turen må dei i samråd med lærar utforme eit alternativt opplegg.
Det er obligatorisk oppmøte til alle organiserte læringsaktivitetar, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen. Studentar som er borte frå undervisninga, har sjølve ansvar for å setje seg inn i gjennomgått fagstoff i deira fråver.
Arbeidskrav:
- Det er obligatorisk framlegging i eit av plenumsmøta, og obligatorisk rettleiing.
- Prosjektskissa må vere godkjend før ein får gå opp til eksamen.
- Det er forventa at studentane tek del på eindags studietur i regionen. Dersom studenten ikkje har høve til å ta del må ein gjennomføre eit alternativt opplegg i samråd med lærar.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Studentane betaler ei avgift på kr 300,-.
- Design, kunst og handverk - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell eller gruppe (etter avtale) | Semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Eksamen består av: Ei praktisk fordjupingsoppgåve og ein skriftleg rapport (omlag 5000 ord). Desse gir ein foreløpig samla karakter. Ein munnleg presentasjon justerer karakteren. | |||
Munnleg justerande eksamen | Individuell | 30 minutt | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 |