Semestre
KOH202 Bacheloroppgåve i design, kunst og handverk
KOH131, KOH133, KOH138, KOH134 + KOH204 eller KOH203
Emnet er eit obligatorisk emne i studieprogrammet Bachelor i design, kunst og handverk. Emnet handlar om korleis kunnskap vert innhenta og utvikla innanfor faget, i eit utviklings- og fornyingsperspektiv. Studentane får trening i å gjennomføre eit sjølvstendig praktisk fagleg arbeid med forskingstilsnitt. Utviklingsarbeidet kan ha ei fagdidaktisk forankring.
I samsvar med det najonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
- har brei kunnskap om relevante metodar innan kunstfagleg- og pedagogisk forskings- og utviklingsarbeid (FOU)
- har kjennskap til filosofi og vitskapsteori
- har inngåande kunnskap om valt problemområde for bachelorarbeidet
- har kunnskap om problemstilling, kjeldemateriale og empiri, presentasjon og vurdering av resultat
- har kunnskap om kunst- og formkultur relatert til eige prosjekt.
Studenten:
- kan planleggje og gjennomføre eit sjølvstendig utviklingsarbeid
- kan avgrense eige problemområde og utforme problemstillingar
- kan analysere og bruke kjeldemateriale og empiri
- kan skape, presentere og vurdere resultat av eige utviklingsarbeid.
Studenten:
- kan vise fagleg engasjement i aktuelle spørsmål om kunst, design og handverksfaglege tema i ulike samanhengar.
Arbeids- og undervisningsformene i studiet er ein kombinasjon av førelesing, bruk av digitale formidlings- og læringsressursar og praktisk og teoretisk oppgåveløysing. Undervisninga vert organisert både individuelt og i grupper, og arbeidet kan vere både lærar- og studentstyrt. Studenten får prosessevaluering i arbeidsøktene og i framleggingssituasjonar. Rettleiing er ein viktig del av vurderingsarbeidet, samt dialogseminar der alle involverte tek del i vurderingsarbeidet.
Det er forventa at studentane tek del på ein dagstur i regionen. Studentane må sjølve dekkje reiseutgifter ved deltaking på studieturen. Om studentar ikkje har høve til å ta del på turen må dei i samråd med lærar utforme eit alternativt opplegg.
Det er obligatorisk oppmøte til alle organiserte læringsaktivitetar, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 6-6. Studentar som er borte frå undervisninga, har sjølve ansvar for å setje seg inn i gjennomgått fagstoff i deira fråvær.
Arbeidskrav:
- Det er obligatorisk framlegging i eit av plenumsmøta, og obligatorisk rettleiing.
- Prosjektskissa må vere godkjend før ein får gå opp til eksamen.
- Det er forventa at studentane tek del på ein dagstur i regionen. Dersom studenten ikkje har høve til å ta del må ein gjennomføre eit alternativt opplegg i samråd med lærar.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 9-4.
Studentane betaler ei avgift på kr 300,-.
- Design, kunst og handverk - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell eller gruppe (etter avtale) | Semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Eksamen består av: Ei praktisk fordjupingsoppgåve og ein skriftleg rapport (omlag 5000 ord). Desse gir ein foreløpig samla karakter. Ein munnleg presentasjon justerer karakteren. | |||
Munnleg justerande eksamen | Individuell | 30 minutt | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 |