Semestre
KOH202 Bacheloroppgåve i Kunst og handverk
KOH131, KOH133, KOH138, KOH134, KOH204 eller KOH203
Emnet er obligatorisk i studieprogrammet Bachelor i Kunst og handverk. Emnet handlar om korleis kunnskap vert innhenta og utvikla innanfor faget, i eit utviklings- og fornyingsperspektiv. Studentane skal få trening i å gjennomføre eit sjølvstendig fagleg arbeid med forskingstilsnitt. Utviklingsarbeidet kan ha ei fagdidaktisk forankring.
I samsvar med det najonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
- har kjennskap til filosofi, vitskapsteori og metode, og med fokus på kunstfagleg- og pedagogisk FOU
- har kunnskap om eige problemfelt
- har kunnskap om problemstilling, kjeldemateriale og empiri, presentasjon og vurdering av resultat
- har kunnskap om kunst- og formkultur relatert til eige prosjekt
Studenten:
- kan planleggje og gjennomføre eit sjølvstendig utviklingsarbeid avgrense eige problemområde
- kan utforme problemstillingar og bruke kjeldemateriale og empiri
- kan skape, presentere og vurdere resultat
Studenten:
- kan vise eit faglig engasjement i aktuelle spørsmål om kunst, design og handverksfaglege tema i ulike samanhengar
Emnet er i hovudsak individuelt skapande arbeid og arbeid i verkstadfellesskap, i tillegg til førelesingar og seminar. Det vert gitt både undervegs- og sluttvurdering gjennom semesteret. Rettleiing er ein viktig del av vurderingsarbeidet, samt dialogseminar der alle involverte tek del i vurderingsarbeidet. Det er forventa at studentane tek del på eindags studietur i regionen. Studentane må sjølve dekkje reiseutgifter ved deltaking på studieturen. Dersom studenten ikkje har høve til å ta del, må ein gjennomføre eit alternativt opplegg i samråd med lærar.
Det er obligatorisk oppmøte til alle organiserte læringsaktivitetar, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen, §4-6 ( https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697)
Arbeidskrav:
- Det er obligatorisk framlegging i eit av plenumsmøta, og obligatorisk rettleiing
- Prosjektskissa må vere godkjend før ein får gå opp til eksamen
- Det er forventa at studentane tek del på eindags studietur i regionen. Dersom studenten ikkje har høve til å ta del må ein gjennomføre eit alternativt opplegg i samråd med lærar.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap 5.
Studiekvalitetsarbeidet vert gjennomført i samsvar med gjeldande retningslinjer for HVO.
Studentane betaler ei avgift på kr 300,-.
- Design, kunst og handverk - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell eller gruppe (etter avtale) | Semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Eksamen består av: Ei praktisk fordjupingsoppgåve og rapport (omlag 5000 ord). Desse gir ein foreløpig samla karakter. Ein munnleg presentasjon justerer karakteren. | |||
Munnleg justerande eksamen | Individuell | 30 minutt | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter |