Semestre
KOH202 Bacheloroppgåve i Kunst og handverk
Årsstudium i kunst og handverk og KOH204 eller KOH203
Emnet inngår i Bachelorgraden i kunst og handverk. Emnet handlar om korleis kunnskap vert innhenta og utvikla innanfor faget i eit utviklings- og fornyingsperspektiv. Studentane skal få trening i å gjennomføre eit sjølvstendig fagleg arbeid med forskingstilsnitt. Utviklingsarbeidet kan ha ei fagdidaktisk forankring.
I samsvar med det najonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har:
- kjennskap til filosofi, vitskapsteori og metode og då med særleg fokus på kunstfagleg- og pedagogisk FOU
- kunnskap om forskings- og utviklingsarbeid innanfor fagfeltet, og kjenner eige problemfelt
- kunnskap om problemstilling, kjeldemateriale, presentasjon og vurdering av resultat
- kunnskap om kunst- og formkultur relatert til eige prosjekt.
Studenten kan:
- planleggje og gjennomføre eit sjølvstendig utviklingsarbeid avgrense problemfeltet
- utforme problemstillingar og bruke kjeldemateriale
- skape, presentere og vurdere resultat.
Studenten kan:
- vise eit faglig engasjement i viktige spørsmål om kunst- og handverksfaget i ulike samanhengar, og gjennom ei undersøkande tilnærming kunne analysere og formidle eit samansett fagstoff på ein overtydande måte.
Emnet er i hovudsak individuelt skapande arbeid, i tillegg kjem forelesingar, seminar og plenumsamlingar. Gjennom studiet skal det vere både ei formell og ei uformell vurdering. Den uformelle vurderinga er ein viktig del av studentane sin læreprosess, og denne vert integrert i rettleiinga.
Det er obligatorisk oppmøte til alle organiserte læringsaktivitetar, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Det er obligatorisk framlegging i plenumsmøta, og obligatorisk rettleiing. Prosjektskissa må vere godkjend før ein får gå opp til eksamen. Det er også obligatorisk deltaking på eindags studietur i regionen.
Studiekvalitetsarbeidet vert gjennomført i samsvar med gjeldande retningslinjer for HVO.
Studentane betaler ei avgift på kr 300.Studentane må sjølve dekkje reiseutgifter i samband med studieturen.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell eller gruppe (etter avtale) | Semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Eksamen består av: Ei praktisk fordjupingsoppgåve og rapport (omlag 5000 ord). Desse gir ein foreløpig samla karakter. Ein munnleg presentasjon justerer karakteren. | |||
Munnleg justerande eksamen | Individuell | 30 minutt | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter |