Semestre

KOH202 Bacheloroppgåve i Kunst og handverk

Emnekode: 
KOH202
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2018 Vår
Eksamenssemester: 
2018 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

KOH131, KOH133, KOH138, KOH134, KOH117 eller KOH116, KOH115, KOH132, KOH204

Om emnet

Emnet inngår i studieprogram Bachelor i Kunst og handverk. Emnet handlar om korleis kunnskap vert innhenta og utvikla innanfor faget, i eit utviklings- og fornyingsperspektiv. Studentane skal få trening i å gjennomføre eit sjølvstendig fagleg arbeid med forskingstilsnitt. Utviklingsarbeidet kan ha ei fagdidaktisk forankring.

Læringsutbytte

I samsvar med det najonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • har kjennskap til filosofi, vitskapsteori og metode, og med fokus på kunstfagleg- og pedagogisk FOU
  • har kunnskap om eige problemfelt
  • har kunnskap om problemstilling, kjeldemateriale og empiri, presentasjon og vurdering av resultat
  • har kunnskap om kunst- og formkultur relatert til eige prosjekt
Ferdigheiter

Studenten:

  • kan planleggje og gjennomføre eit sjølvstendig utviklingsarbeid avgrense eige problemområde
  • kan utforme problemstillingar og bruke kjeldemateriale og empiri
  • kan skape, presentere og vurdere resultat
Generell kompetanse

Studenten:

  • kan vise eit faglig engasjement i viktige spørsmål om kunst- og handverksfaget i ulike samanhengar
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er i hovudsak individuelt skapande arbeid og arbeid i verkstadfellesskap, i tillegg til førelesingar og seminar. Gjennom studiet vert det gjeve både summativ og formativ vurdering. Rettleiing gjennom semesteret er ein viktig del av vurderingsarbeidet. Det vil bli organisert eindags studietur i regionen. Det er forventa at studentane tek del på eindags studietur i regionen. Dersom studenten ikkje har høve til å ta del må ein gjennomføre eit alternativt opplegg i samråd med lærar.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Det er obligatorisk oppmøte til alle organiserte læringsaktivitetar, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Arbeidskrav:

  • Det er obligatorisk framlegging i eit av plenumsmøta, og obligatorisk rettleiing
  • Prosjektskissa må vere godkjend før ein får gå opp til eksamen
  • Det er forventa at studentane tek del på eindags studietur i regionen. Dersom studenten ikkje har høve til å ta del må ein gjennomføre eit alternativt opplegg i samråd med lærar
Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap 5.

Evaluering og kvalitetssikring

Studiekvalitetsarbeidet vert gjennomført i samsvar med gjeldande retningslinjer for HVO.

Minimumstal: 
14
Maksimumstal: 
20
Emneansvarleg: 
Karen Brænne
Materialavgift

Studentane betaler ei avgift på kr 300. Studentane må sjølve dekkje reiseutgifter i samband med studieturen.

Emnet inngår i følgande studieprogram
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell eller gruppe (etter avtale)
Semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Eksamen består av: Ei praktisk fordjupingsoppgåve og rapport (omlag 5000 ord). Desse gir ein foreløpig samla karakter. Ein munnleg presentasjon justerer karakteren.
Munnleg justerande eksamen
Individuell
30 minutt
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Godkjent av: 
Aud Folkestad