Semestre
KOH204 Objekt i rom
Objekt i rom er eit obligatorisk emne i studieprogrammet Bachelor i design, kunst og handverk, og er på fordjupingsnivå.
Emnet byggjer på det faglege nivået som årsstudiet i design, kunst og handverk gir, og skal vidareutvikle studenten sin kompetanse knytt til skapande arbeid av tre-dimensjonale uttrykk. Emnet gir kunnskap om og forståing for samtidskunsten. Dette er særleg knytt til stadsspesifikk kunst, og objekt- og installasjonskunst. Utforskande arbeidsmåtar, og refleksjon knytt til fagteori, vert vektlagt.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
- har kunnskap om utforskande og skapande prosessar, i teori og praksis
- har kunnskap om ulike materiale sine eigenskapar, samt moglegheiter for teknisk bearbeiding
- har kunnskap om estetisk teori
- har kunnskap om relevante område innanfor samtidskunsten, med særleg fokus på objektkunst, installasjon og stadsspesifikk kunst
- har kjennskap til kvalitetsomgrepet knytt til ulike materiale
Studenten:
- kan arbeide i utforskande, skapande prosessar, samt reflektere over desse
- kan arbeide med samanstilling av ulike objekt og materiale
- kan ta i bruk relevante estetiske verkemiddel i skapande arbeid med romlege uttrykksformer
- kan bruke kunst- og formkulturen som referanse i eige arbeid
- kan gjennom eige arbeid vise kjennskap til og forståing for kvalitetsomgrepet knytt til ulike materiale
Studenten:
- har evne til å reflektere kring etiske aspekt knytt til materialval i skapande prosessar
- kan utnytte faget sitt potensiale i å fremme gjenbruk og berekraftig utvikling
- kan reflektere over relevante HMS-tiltak knytt til fagområdet.
Arbeids- og undervisningsformene i emnet er ein kombinasjon av førelesingar, digitale formidlings- og læringsressursar, praktisk og teoretisk oppgåveløysing og sjølvstudium, både individuelt og i grupper. Studentane får individuell rettleiing undervegs i arbeidsøktene. Refleksjon og diskusjon kring arbeidet står sentralt i emnet.
Det vert gjennomført studietur til relevante kunstinstitusjonar i inn- eller utland. Turen vil gå over 4-5 dagar. Studentane må sjølve dekkje reiseutgifter ved deltaking på studieturen. Dersom studenten ikkje har høve til å ta del må ein så tidleg som mogleg i semesteret, søkje om å kunne få gjennomføre eit alternativt opplegg i samråd med faglærar.
Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 6-6, om obligatorisk frammøte og deltaking. Med deltaking meiner ein at studentane skal arbeide med oppgåveløysning slik at lærar og medstudentar kan få innsyn i læringsprosessane. Studentar som er borte frå undervisninga, har sjølve ansvar for å setje seg inn i gjennomgått fagstoff i deira fråver.
Desse arbeidskrava må vere gjennomførte og godkjende, før studenten får gå opp til eksamen i emnet:
- Utstilling/framlegging av eit praktisk arbeidskrav i plenum.
- Innlevering av eitt skriftleg arbeid innan fastsett frist (omlag 1000 ord).
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 9-4.
Studentane betalar ei materialavgift på kr 400,- til innkjøp av fellesmateriale. Studenten må pårekne kjøp av litt materiale tilpassa eiga eksamensoppgåve.
- Design, kunst og handverk - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praktisk eksamen | Gruppe | 4 Veker | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 60 | |||
Rapport | Individuell | 4 Veker | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 40 |