Semestre

KOH204 Objekt i rom

Emnekode: 
KOH204
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2023 Vår
Eksamenssemester: 
2023 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
KOH131 Visuell kommunikasjon
KOH133 Teikning og måling
KOH134 Innføring - handverk og materiale
KOH138 Fagdidaktikk, kunst- og formkultur
Om emnet

Objekt i rom er eit obligatorisk emne i studieprogrammet Bachelor i design, kunst og handverk, og er på fordjupingsnivå. 

Emnet byggjer på det faglege nivået som årsstudiet i design, kunst og handverk gir, og skal vidareutvikle studenten sin kompetanse knytt til skapande arbeid av tre-dimensjonale uttrykk.. Emnet gir kunnskap om og forståing for samtidskunsten. Dette er særleg knytt til stadsspesifikk kunst, og objekt- og installasjonskunst. Utforskande arbeidsmåtar, og refleksjon knytt til fagteori, vert vektlagt. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne: 

 

Kunnskapar

Studenten:

  • har kunnskap om utforskande og skapande prosessar, i teori og praksis
  • har kunnskap om ulike materiale sine eigenskapar, samt moglegheiter for teknisk bearbeiding
  • har kunnskap om estetisk teori
  • har kunnskap om relevante område innanfor samtidskunsten, med særleg fokus på objektkunst, installasjon og stadsspesifikk kunst
  • har kjennskap til kvalitetsomgrepet knytt til ulike materiale  
Ferdigheiter

Studenten:

  • kan arbeide i utforskande, skapande prosessar, samt reflektere over desse
  • kan arbeide med samanstilling av ulike objekt og materiale
  • kan ta i bruk relevante estetiske verkemiddel i skapande arbeid med romlege uttrykksformer
  • kan bruke kunst- og formkulturen som referanse i eige arbeid
  • kan gjennom eige arbeid vise kjennskap til og forståing for kvalitetsomgrepet knytt til ulike materiale 
Generell kompetanse

Studenten:

  • har evne til å reflektere kring etiske aspekt knytt til materialval i skapande prosessar
  • kan utnytte faget sitt potensiale i å fremme gjenbruk og berekraftig utvikling
  • kan reflektere over relevante HMS-tiltak knytt til fagområdet.
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Arbeids- og undervisningsformene i emnet er ein kombinasjon av førelesingar, digitale formidlings- og læringsressursar, praktisk og teoretisk oppgåveløysing og sjølvstudium, både individuelt og i grupper. Studentane får individuell rettleiing undervegs i arbeidsøktene. Refleksjon og diskusjon kring arbeidet står sentralt i emnet. 

Det vert gjennomført studietur til relevante kunstinstitusjonar i inn- eller utland. Turen vil gå over 4-5 dagar. Studentane må sjølve dekkje reiseutgifter ved deltaking på studieturen. Dersom studenten ikkje har høve til å ta del må ein så tidleg som mogleg i semesteret, søkje om å kunne få gjennomføre eit alternativt opplegg i samråd med faglærar. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen, om obligatorisk frammøte og deltaking §4-6 ( https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697). Med deltaking meiner ein at studentane skal arbeide med oppgåveløysning slik at lærar og medstudentar kan få innsyn i læringsprosessane. Studentar som er borte frå undervisninga, har sjølve ansvar for å setje seg inn i gjennomgått fagstoff i deira fråver.

Desse arbeidskrava må vere gjennomførte og godkjende, før studenten får gå opp til eksamen i emnet:

  • Utstilling/framlegging av eit praktisk arbeidskrav i plenum
  • Innlevering av eitt skriftleg arbeid innan fastsett frist (omlag 1000 ord)
Sensorordning
Minimumstal: 
14
Maksimumstal: 
20
Emneansvarleg: 
Sissel Midtlid
Materialavgift

Studentane betalar ei materialavgift på kr 400,- til innkjøp av fellesmateriale. Studenten må pårekne kjøp av litt materiale tilpassa eiga eksamensoppgåve. 

Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Design, kunst og handverk - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praktisk eksamen
Gruppe
4 Veker
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
60
Rapport
Individuell
4 Veker
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
40
Godkjent av: 
Unni Hagen