Semestre
KOH204 Objekt i rom
Kunst og handverk årsstudium (eller tilsvarande)
Emnet er ein del av studeiprogrammet Bachelor i Kunst og handverk. Studiet byggjer vidare på det faglege nivået som årsstudiet i kunst og handverk gir, og skal vidareføre arbeidet med å utvikle studenten sin kompetanse knytt til tre-dimensjonale uttrykk og komposisjon i rom. Val av eigna materiale og teknikkar, samt referanser til samtidskunsten står sentralt. Det vert lagt vekt på utforskande arbeidsmåtar, kreativitet og refleksjon, både undervegs og i etterkant av arbeidsprosessane.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har kunnskap om kreativitet og skapande prosessar, i teori og praksis
- har kunnskap om ulike materiale sine eigenskapar, samt moglegheiter for teknisk bearbeiding
- har kunnskap om formalestetisk teori
- har kunnskap om relevante område innanfor samtidskunsten, med særleg fokus på objektkunst, installasjon og stadsspesifikk kunst
- har kunnskap om kvalitetsomgrepet knytt til ulike romlege uttrykksformer
- har kunnskap om ulike prinsipp og verkemiddel knytt til utstillingsdesign
Studenten
- kan utvikle ein idè, planlegge og gjennomføre denne fram til ferdig arbeid, samt dokumentere og vurdere eigen utøvande prosess
- kan arbeide med enkle konstruksjons- og overflateteknikkar i ulike materiale
- kan ta i bruk relevante estetiske verkemiddel i skapande arbeid med tredimensjonale- og romlege uttrykksformer
- kan bruke kunst og formkulturen som referanse i eige arbeid
- kan gjennom eige arbeid vise forståing for kvalitetsomgrepet i tredimensjonale uttrykksformer
- kan formgje ei utstilling med bevisste val av utstillingsprinsipp
Studenten
- har evne til å reflektere kring estetiske og etiske aspekt i tilknyting til formidling av kunstneriske uttrykk
- kan utnytte faget sitt potensiale i å fremme gjenbruk og bærekraftig utvikling
- kan reflektere over relevante HMS-tiltak knytt til fagområdet
Emnet er hovudsakleg konsentrert om førelesing, individuell oppgåveløysing og sjølvstudium. Refleksjon og diskusjon kring arbeidet står også sentralt i emnet. Fyrste del av studiet er organisert i innføringsblokker i utvalde tema. I andre del arbeider studentane i mindre grupper med eit praktisk prosjekt. Kvar gruppe får individuell rettleiing på oppgåva.
Det vert gjennomført studietur til relevante kunstinstitusjonar i utlandet. Dersom studenten ikkje har høve til å ta del, må ein gjennomføre eit alternativt opplegg i samråd med lærar.
Det er obligatorisk frammøte og deltaking til all undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. Med deltaking meinar ein at studentane skal arbeide med oppgåveløysning slik at lærar og medstudentar kan få innsyn i læringsprosessane. Studentar som er borte frå undervisninga, har sjølve ansvar for å setje seg inn i gjennomgått fagstoff i deira fråver.
Arbeidskrav:
- Obligatorisk framlegging av praktiske arbeidskrav i plenum
- Obligatorisk innlevering av skriftlege delar innan fastsett frist
- Obligatorisk rettleiing på gruppeprosjekt
- Dokumentert deltaking på studietur/ dokumentasjon av alternativ oppgave og opplegg dersom du ikkje har høve til å delta på studietur
Studiekvalitetsarbeidet vert gjennomført i samsvar med gjeldande retningslinjer for HVO.
Studentane betaler ei materialavgift på kr 700,- til innkjøp av fellesmateriale. Studenten må pårekne kjøp av litt materiale tilpassa eiga eksamensoppgåve, samt utgifter til studietur.
- Design, kunst og handverk - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praktisk eksamen | Gruppe | 4 Veker | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 30 | |||
Skriftleg eksamen | Individuell | 4 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 30 | Studenten kan nytte stempla og godkjende støtteark, som studenten sjølv tidlegare har utarbeida og levert inn til godkjenning. | ||
Rapport | Individuell | 4 Veker | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 40 |