Semestre

KOH204 Objekt i rom

Emnekode: 
KOH204
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2024 Vår
Eksamenssemester: 
2024 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
KOH131 Visuell kommunikasjon
KOH133 Teikning og måling
KOH134 Innføring - handverk og materiale
KOH138 Fagdidaktikk, kunst- og formkultur
Om emnet

Objekt i rom er eit obligatorisk emne i studieprogrammet Bachelor i design, kunst og handverk, og er på fordjupingsnivå. 

Emnet byggjer på det faglege nivået som årsstudiet i design, kunst og handverk gir, og skal vidareutvikle studenten sin kompetanse knytt til skapande arbeid av tre-dimensjonale uttrykk. Emnet gir kunnskap om og forståing for samtidskunsten. Dette er særleg knytt til stadsspesifikk kunst, og objekt- og installasjonskunst. Utforskande arbeidsmåtar, og refleksjon knytt til fagteori, vert vektlagt. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne: 

 

Kunnskapar

Studenten:

  • har kunnskap om utforskande og skapande prosessar, i teori og praksis
  • har kunnskap om ulike materiale sine eigenskapar, samt moglegheiter for teknisk bearbeiding
  • har kunnskap om estetisk teori
  • har kunnskap om relevante område innanfor samtidskunsten, med særleg fokus på objektkunst, installasjon og stadsspesifikk kunst
  • har kjennskap til kvalitetsomgrepet knytt til ulike materiale  
Ferdigheiter

Studenten:

  • kan arbeide i utforskande, skapande prosessar, samt reflektere over desse
  • kan arbeide med samanstilling av ulike objekt og materiale
  • kan ta i bruk relevante estetiske verkemiddel i skapande arbeid med romlege uttrykksformer
  • kan bruke kunst- og formkulturen som referanse i eige arbeid
  • kan gjennom eige arbeid vise kjennskap til og forståing for kvalitetsomgrepet knytt til ulike materiale 
Generell kompetanse

Studenten:

  • har evne til å reflektere kring etiske aspekt knytt til materialval i skapande prosessar
  • kan utnytte faget sitt potensiale i å fremme gjenbruk og berekraftig utvikling
  • kan reflektere over relevante HMS-tiltak knytt til fagområdet.
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Arbeids- og undervisningsformene i emnet er ein kombinasjon av førelesingar, digitale formidlings- og læringsressursar, praktisk og teoretisk oppgåveløysing og sjølvstudium, både individuelt og i grupper. Studentane får individuell rettleiing undervegs i arbeidsøktene. Refleksjon og diskusjon kring arbeidet står sentralt i emnet. 

Det vert gjennomført studietur til relevante kunstinstitusjonar i inn- eller utland. Turen vil gå over 4-5 dagar. Studentane må sjølve dekkje reiseutgifter ved deltaking på studieturen. Dersom studenten ikkje har høve til å ta del må ein så tidleg som mogleg i semesteret, søkje om å kunne få gjennomføre eit alternativt opplegg i samråd med faglærar. 

 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen, om obligatorisk frammøte og deltaking. Med deltaking meiner ein at studentane skal arbeide med oppgåveløysning slik at lærar og medstudentar kan få innsyn i læringsprosessane. Studentar som er borte frå undervisninga, har sjølve ansvar for å setje seg inn i gjennomgått fagstoff i deira fråver.

Desse arbeidskrava må vere gjennomførte og godkjende, før studenten får gå opp til eksamen i emnet:

  • Utstilling/framlegging av eit praktisk arbeidskrav i plenum.
  • Innlevering av eitt skriftleg arbeid innan fastsett frist (omlag 1000 ord).
Sensorordning

Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Minimumstal: 
14
Maksimumstal: 
20
Emneansvarleg: 
Sissel Midtlid
Materialavgift

Studentane betalar ei materialavgift på kr 400,- til innkjøp av fellesmateriale. Studenten må pårekne kjøp av litt materiale tilpassa eiga eksamensoppgåve. 

Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Design, kunst og handverk - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praktisk eksamen
Gruppe
4 Veker
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
60
Rapport
Individuell
4 Veker
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
40
Godkjent av: 
Unni Hagen