Semestre
KOH204 Objekt i rom
Objekt i rom er eit obligatorisk emne i studieprogrammet Bachelor i design, kunst og handverk, og er på fordjupingsnivå.
Emnet byggjer på det faglege nivået som årsstudiet i design, kunst og handverk gir, og skal vidareutvikle studenten sin kompetanse knytt til skapande arbeid av tre-dimensjonale uttrykk. Emnet gir kunnskap om og forståing for samtidskunsten. Dette er særleg knytt til objekt- og installasjonskunst. Utforskande arbeidsmåtar, og refleksjon knytt til fagteori, vert vektlagt.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
- har brei kunnskap om ulike teknikkar, materialitet og uttrykksformer innan samtidskunst
- har kunnskap om utforskande og skapande prosessar i møte med samtidskunst
- har kunnskap om estetisk teori
- har kunnskap om relevante område innanfor samtidskunsten, med særleg fokus på objekt- og installasjonskunst.
Studenten:
- kan arbeide i utforskande, skapande prosessar, samt reflektere over desse
- kan vurdere og ta i bruk materialitet og estetiske verkemiddel i eige skapande arbeid
- kan utvikle konsept for kunstprosjekt som kommenterer ulike forhold i samtida
- kan bruke kunst- og formkulturen som referanse i eige arbeid.
Studenten:
- har evne til å reflektere kring etiske aspekt knytt til kunsten i samtida
- kan reflektere kring relevante helse-, miljø- og sikkerheits-tiltak knytt til fagområdet
- kan utveksle synspunkt og erfaringar med bakgrunn i fagområdet, og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis.
Arbeids- og undervisningsformene i studiet er ein kombinasjon av førelesing, bruk av digitale formidlings- og læringsressursar og praktisk og teoretisk oppgåveløysing. Undervisninga vert organisert både individuelt og i grupper, og arbeidet kan vere både lærar- og studentstyrt. Studenten får prosessevaluering i arbeidsøktene og i framleggingssituasjonar. Refleksjon og diskusjon kring arbeidet står sentralt i emnet.
Det vert gjennomført studietur til relevante kunstinstitusjonar i inn- eller utland. Turen vil gå over 4-5 dagar. Studentane må sjølve dekkje reiseutgifter ved deltaking på studieturen. Dersom studenten ikkje har høve til å ta del må ein så tidleg som mogleg i semesteret, søkje om å kunne få gjennomføre eit alternativt opplegg i samråd med faglærar.
Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 6-6, om obligatorisk frammøte og deltaking. Med deltaking meiner ein at studentane skal arbeide med oppgåveløysing slik at lærar og medstudentar kan få innsyn i læringsprosessane. Studentar som er borte frå undervisninga, har sjølve ansvar for å setje seg inn i gjennomgått fagstoff i deira fråvær.
Desse arbeidskrava må vere gjennomførte og godkjende, før studenten får gå opp til eksamen i emnet:
- Utstilling og framlegg av eit praktisk arbeid i plenum.
- Eitt skriftleg arbeid innan fastsett frist.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 9-4.
Studentane betalar ei materialavgift på kr 600,- til innkjøp av fellesmateriale. Studenten må pårekne kjøp av litt materiale tilpassa eiga eksamensoppgåve.
- Design, kunst og handverk - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praktisk eksamen | Individuell | 5 Veker | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Ei praktisk oppgåve med tilhøyrande dokumentasjon. |