Semesters
MGL5-10SA2A Samfunnsfag 2A: Politikk og demokrati
Demokrati som styreform, livsform og samfunnsform er hovudtema i emnet. Det sentrale er å utvikle studentane sitt kunnskapsgrunnlag og deira forståing av korleis eit demokratisk samfunn er bygd opp, og korleis skulen har vore og er viktig for å oppretthalde og vidareutvikle demokratiet. Dette vil bli studert med ulike humanistiske og samfunnsfaglege perspektiv.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha
- kunnskap om fagdidaktisk teori og forsking i samfunnsfag og samfunnsfag som skulefag
- kunnskap om kritisk tenkning som utgangpunkt for arbeid med kritisk refleksjon i skulen
- kunnskap om sentrale føresetnader for og problemstillingar som gjeld medborgarskap, demokrati og demokratiseringsprosessar i nasjonal og internasjonal politikk før og no
- kunnskap om ideologiar, makt, politiske system og demokratiske kanalar i fortid og notid.
- kunnskap om samane som urfolk, og om dei nasjonale minoritetane
- kunnskap om økonomiske strukturar, globalisering, verdiskaping og marknad ut frå romlege og politiske perspektiv
- kunnskap om menneskerettar
Studenten skal kunne
- bruke og evaluere ulike digitale og ikkje-digitale arbeidsmåtar som fremjar elevaktive læringsformer i samfunnsfag
- ha ei djupare forståing av rollene som skulen og læraren har i demokratiet og demokratiopplæringa
- formulere ei problemstilling som grunnlag for skriving av akademisk tekst
Studenten skal kunne
- legge til rette for kritisk og reflekterande undervisning i samfunnsfag
- bruke ulike typar kjelder og arbeide med kjeldekritikk i undervisning
- oppdatere seg fagleg og reflektere over eigen praksis
Læringsutbytte blir varetatt gjennom studentaktive læringsformer og vurderingsformer som legg vekt på fagleg refleksjon.
- Det er obligatorisk frammøte til undervisinga (sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6).
- Arbeidskrav: Tre arbeidskrav knytta til prosessarbeid med semesteroppgåva. Rammene blir klare ved semesterstart
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 5-10 - master (5 years)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individual | 1 Semesters | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Studentane skal velje tema og problemstilling sjølv, og denne skal godkjennast av faglærar. Det vert gitt ein førebels bokstavkarakter på semesteroppgåva. | Alle | Oppgåva skal ha eit omfang på minimum 3 000 og maksimum 3 500 ord. | |
Adjusting oral examination | Individual | 30 Minutes | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | - Semesteroppgåva må vere bestått før ein kan gå opp til munnleg eksamen. - Eksamenen tek utgangspunkt i semsteroppgåva, men gjeld pensum for heile emnet. - Munnleg justerande eksamen betyr at prestasjonen på munnleg eksamen kan føre til ei eventuell justering av karakteren på semesteroppgåva. Studenten får vite den endelege karakteren same dag. | Ingen |