Semesters

MGL5-10SA2A Samfunnsfag 2A: politikk og demokrati

Course code: 
MGL5-10SA2A
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Specialization level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2019 Autumn
Assessment semester: 
2019 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite courses
MGL5-10SA1A Social Studies as School Subject and Academic Discipline
MGL5-10SA1B Development and Sustainability
Course content

 Ei demokratisk utvikling kviler på samfunnsborgarar si forståing og toleranse for mangfald og maktfordeling. Samfunnsfaglærarar har ein grunnleggande og viktig funksjon i å utvikle kunnskap om korleis historie, geografi og samfunnsvitskapane påverkar maktfordeling. Fokus i dette emnet vil vere å utvikle studentane sitt kunnskapsgrunnlag og forståing av korleis eit demokratisk samfunn er bygd opp og korleis skulen har vore og er sentral i å oppretthalde og vidareutvikle demokratiet.

I geografi vil kart som premiss for lokale demokratiske prosessar vere sentralt saman med kunnskap om lokale endringsprosessar. I historie vil utviklinga av det norske samfunnet frå 1945 og fram til i dag stå sentralt. I samfunnskunnskap vil  media og skulen si rolle i demokratiet i fortid, notid og framtid vere sentrale tema.

Studentane vil i få høve til å vidareutvikle didaktiske ferdigheiter frå tidlegare emne. Særleg vil det bli arbeid med historiemedvit og kritisk tenking og refleksjon som ferdigheiter i samfunnsfag. Dei vil og få ei innføring i skulens og lærarens rolle i arbeidet med elevanes politiske sosialisering og danning.

Gjennom arbeidet med semesteroppgåva skal studentane få vidareutvikle ferdigheiter innan akademisk skriving, og få ei innføring i samfunnsvitskapeleg metode med fokus på tekstanalyse av ulike tekstar frå fortid og notid.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten skal ha

  • kunnskap om fagdidaktisk teori og forsking i samfunnsfag og samfunnsfag som skulefag i eit demokratiteoretisk perspektiv
  • kunnskap om medborgarskap, demokrati og demokratiseringsprosessar
  • kunnskap om ideologiar, makt, politiske system og demokratiske kanalar i fortid og notid.
  • kunnskap om skulen og samfunnsfaget si rolle i arbeidet med elevane sin digitale kvardag i eit makt- og demokratiperspektiv
  • kunnskap om økonomiske strukturar, verdiskaping og marknad ut frå romlege og politiske perspektiv

 

Learning outcome skills

Studenten skal kunne

  • ta i bruk relevante faglege hjelpemiddel og uttrykksformer i samfunnsfag
  • arbeide med verdiar og haldningar i samfunnsfag for å fremme kritisk refleksjon og handlingskompetanse hos elevane kan bruke og evaluere ulike arbeidsmåtar som stimulerer elevane til medvit om tid og rom
  • ha innsikt i skulens og lærarens rolle i demokratiet og demokratiopplæringa
  • arbeide sjølvstendig med faglege spørsmål
  • finne, vurdere og bruke relevante samfunnsfaglege kjelder og metodar i eit kritisk perspektiv
  • bruke digitale kart og kartverktøy kritisk i eiga undervisning
Learning outcome qualification

Studenten skal kunne

  • legge til rette for at elevane kan reflektere over samfunnsfaglege spørsmål og stimulere til kritisk tenking og kreativitet
  • reflektere over bruk av ulike typar kjelder og kva kjeldekritikk har å seie for kritisk tenking
  • oppdatere seg fagleg og reflektere over eigen praksis
Working and learning activities

Aktuelle arbeidsformer er litteraturstudium, klasseundervisning, gruppearbeid, rettleiing, praksis, skriftleg arbeid og ein kort ekskursjon i samfunnskunnskap. Bruk av digitale verktøy ein viktig del av emnet. Studentane vil nytte tilgjengeleg programvare og ressurssider på internett for løysing av oppgåver og for å tileigne seg kunnskap innanfor emnet.

Assessment requirements
  • Det er obligatorisk frammøte til undervisinga (sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6).
  • Alle studentane skal skrive ei semesteroppgåve, individuelt (på 3 000 – 3 500 ord). Tema for dette arbeidet skal vere knytt til undervisningstema i emnet.
  • For å få vurdert semesteroppgåva si med tanke på karakter, må studenten få godkjent tema og problemstilling av faglærar.

Som del av arbeidet med oppgåva skal studenten:

  • Gi ein munnleg presentasjon av arbeidet med oppgåva for studentgruppa tidleg i arbeidsprosessen.
  • Delta på eit oppgåveseminar der studentane vurderer tekstane til kvarandre, og gir kvarandre konstruktive tilbakemeldingar.
Evaluation system
Minimum number of students: 
15
Maximum number of students: 
45
Person in charge: 
Nils Magne Magerøy
Used in other programs
  • Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 5-10 - master (5 years)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individual
1 Semesters
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Studentane skal velje tema og problemstilling sjølv, og denne skal godkjennast av faglærar. Rettleiinga er obligatorisk. Det vert gitt ein førebels bokstavkarakter på semesteroppgåva.
Oppgåva skal ha eit omfang på minimum 3 000 og maksimum 3 500 ord.
Adjusting oral examination
Individual
30 Minutes
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
- Semesteroppgåva må vere bestått før ein kan gå opp til munnleg eksamen.
- Eksamenen tek utgangspunkt i semsteroppgåva, men gjeld pensum for heile emnet.
- Munnleg justerande eksamen betyr at prestasjonen på munnleg eksamen kan føre til ei eventuell justering av karakteren på semesteroppgåva. Studenten får vite den endelege karakteren same dag.
Approval signature: 
Odd Ragnar Hunnes 27.02.19