Semesters
MGL5-10SA2A Samfunnsfag 2A: Politikk og demokrati
Demokrati som styreform, livsform og samfunnsform er hovudtema i emnet. Det sentrale er å utvikle studentane sitt kunnskapsgrunnlag og deira forståing av korleis eit demokratisk samfunn er bygd opp, og korleis skulen har vore og er viktig for å oppretthalde og vidareutvikle demokratiet. Dette vil bli studert med ulike humanistiske og samfunnsfaglege perspektiv.
Studentane vil i få høve til å vidareutvikle didaktiske ferdigheiter. Særleg vil det bli arbeidd med historiemedvit, læremiddelanalyse, kritisk tenking og refleksjon som ferdigheiter i samfunnsfag. Studentane vil også få innføring i rollene som skulen og læraren har i arbeidet med elevane si politiske sosialisering og danning.
Gjennom arbeidet med semesteroppgåva skal studentane få vidareutvikle ferdigheiter i akademisk skriving, og få innføring i samfunnsvitskapeleg metode med vekt på tekstanalyse av ulike tekstar frå fortid og notid.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha
- kunnskap om fagdidaktisk teori og forsking i samfunnsfag og samfunnsfag som skulefag
- kunnskap om sentrale føresetnader for og problemstillingar som gjeld medborgarskap, demokrati og demokratiseringsprosessar i nasjonal og internasjonal politikk før og no
- kunnskap om ideologiar, makt, politiske system og demokratiske kanalar i fortid og notid.
- kunnskap om samane som urfolk, om dei nasjonale minoritetane, og om kulturelt mangfald i Noreg
- kunnskap om økonomiske strukturar, verdiskaping og marknad ut frå romlege og politiske perspektiv
- djupnekunnskap om utvalde teoriar og metodar i geografi, historie og samfunnskunnskap
Studenten skal kunne
- ta i bruk relevante faglege hjelpemiddel og uttrykksformer i samfunnsfag
- arbeide med verdiar og haldningar i samfunnsfag for å fremme kritisk refleksjon og handlingskompetanse hos elevane
- bruke og evaluere ulike digitale og ikkje-digitale arbeidsmåtar som fremjar elevaktive læringsformer i samfunnsfag
- ha ei djupare forståing av rollene som skulen og læraren har i demokratiet og demokratiopplæringa
- arbeide sjølvstendig med faglege spørsmål
- finne, vurdere og bruke relevante samfunnsfaglege læremiddel, kjelder og metodar i eige studiearbeid og eiga undervising
Studenten skal kunne
- legge til rette for at elevane kan reflektere over samfunnsfaglege spørsmål og stimulere til kritisk tenking og kreativitet
- reflektere over bruk av ulike typar kjelder og kva kjeldekritikk har å seie for kritisk tenking
- oppdatere seg fagleg og reflektere over eigen praksis
- bidra til elevar si forståing for korleis digitale arenaer kan gi moglegheiter for deltaking i demokratiske og kulturelle prosessar
Læringsutbytte blir ivaretatt gjennom studentaktive læringsformer og vurderingsformer som legg vekt på fagleg refleksjon.
- Det er obligatorisk frammøte til undervisinga (sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6).
- Alle studentane skal skrive ei semesteroppgåve, individuelt (på 3 000 – 3 500 ord). Tema for dette arbeidet skal vere relatert til undervisningstema i emnet.
- Studenten må få godkjent tema og problemstilling av faglærar.
- Delta på eit oppgåveseminar der studentane vurderer tekstane til kvarandre, og gir kvarandre konstruktive tilbakemeldingar.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 5-10 - master (5 years)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individual | 1 Semesters | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Studentane skal velje tema og problemstilling sjølv, og denne skal godkjennast av faglærar. Det vert gitt ein førebels bokstavkarakter på semesteroppgåva. | Oppgåva skal ha eit omfang på minimum 3 000 og maksimum 3 500 ord. | ||
Adjusting oral examination | Individual | 30 Minutes | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | - Semesteroppgåva må vere bestått før ein kan gå opp til munnleg eksamen. - Eksamenen tek utgangspunkt i semsteroppgåva, men gjeld pensum for heile emnet. - Munnleg justerande eksamen betyr at prestasjonen på munnleg eksamen kan føre til ei eventuell justering av karakteren på semesteroppgåva. Studenten får vite den endelege karakteren same dag. |