Semestre

MID128 Web front-end design

Emnekode: 
MID128
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2020 Haust
Eksamenssemester: 
2020 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk og engelsk
Pensum: 
Krav til forkunnskapar

MID131 eller minimum 30 studiepoeng frå andre medieutdanningar.

Om emnet

I dette faget lærer studenten om klientsida av webdesign. Med fokus på det visuelle og på det å produsere brukarorienterte løysingar, skal faget gjere studenten i stand til å jobbe metodisk frå idé til ferdig webside.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne

Kunnskapar

Studenten skal :

  • ha kunnskap om brukarvenleg design (usability)
  • ha kunnskap om utforming for auka tilgjenge (accessibility)
  • ha kunnskap om design av responsive nettsider (CSS3)
  • ha kunnskap om strukturering av innhald på web (HTML5)
  • kunnskap om å jobbe metodisk med design
Ferdigheiter

Studenten skal:

  • kunne utarbeide designskisser og del-element for websider, med fokus på brukskvalitet
  • kunne strukturere innhald på nettsider ved hjelp av HTML
  • kunne styre nettsider sin utsjånad ved hjelp av CSS
Generell kompetanse

Studenten skal:

  • kunne planlegge og gjennomføre eit webdesign-prosjekt
  • kunne strukturere innhald i form av hypertekst
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Aktivitetar vil typisk vere workshops, seminar med bransje-spesialistar, online kurs og arbeid med prosjekt (individuelt og i gruppe). 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

I løpet av semesteret arbeider studentane med tre obligatoriske arbeidskrav. Desse tre oppgåvene må vere godkjent for at studenten får ta eksamen.

Eksamen består av ei mappeinnlevering der studenten vel to av dei tre arbeidskrava, saman med ein skriftleg rapport på 1500 - 2000 ord.

Sensorordning
Minimumstal: 
10
Maksimumstal: 
40
Emneansvarleg: 
Ivar John Erdal
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Bachelor i mediedesign
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Innlevering av ei samanstilling av obligatoriske oppgåver, spesifisert i semesterplanen.
Godkjent av: 
Odd Ragnar Hunnes 21.03.20