Semestre

MID128 Web front-end design

Emnekode: 
MID128
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2016 Haust
Eksamenssemester: 
2016 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk og engelsk
Krav til forkunnskapar

MID131 eller minimum 30 studiepoeng frå andre medieutdanningar.

Om emnet

I dette faget lærer studenten om klientsida av webdesign. Med fokus på det visuelle og på det å produsere brukarorienterte løysingar, skal faget gjere studenten i stand til å jobbe metodisk frå idé til ferdig webside.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne

Kunnskapar

Kandidaten i emnet har kunnskap om :

  • brukarvenleg design (usability).
  • utforming for auka tilgjenge (accessibility).
  • design av nettsider for ulike plattformer (mobil, desktop).
  • strukturering av innhald på web (HTML5).
  • design av nettsider (CSS3 / grafisk design).
  • å jobbe metodisk med design
  • programmering på nettsider med Javascript
Ferdigheiter

Kandidaten i emnet kan:

  • utarbeide designskisser og del-element for websider, med fokus på brukskvalitet
  • strukturere innhald på nettsider ved hjelp av HTML
  • styre nettsider sin utsjånad ved hjelp av CSS
  • implementere Javascript på nettsider for å tilføre interaktivitet
Generell kompetanse

Kandidaten i emnet kan:

  • planlegge og gjennomføre eit webdesign-prosjekt.
  • strukturere innhald i form av hypertekst
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper.

Vilkår for å framstille seg til eksamen
  1. Det er obligatorisk frammøte på delar av undervisninga, spesifisert i semesterplanen.
  2. Studenten skal ta aktivt del i eit gruppearbeid som munnar ut i eit produkt beståande av ein nettstad.
    Saman med produktet skal gruppa levere prosjektplan og ein kort rapport som viser korleis planen vart følgt opp, og kva den enkelte student har bidrege med i prosjektet.
Sensorordning

Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Minimumstal: 
10
Maksimumstal: 
40
Emneansvarleg: 
Torbjørn Frantsen
Emnet inngår i følgande studieprogram
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
7 Dag
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Digital eksamen. Med utgangspunkt i arbeidskrav 2, prosjektoppgåve, skal studenten skrive ein rapport som analyserer produktet og prosessen.
Rapporten tel 50% medan produktet tel 50% av endelig karakter.
2500 ord (+- 10%)
Godkjent av: 
Aud Folkestad