Semestre
MID128 Web front-end design
MID131 eller minimum 30 studiepoeng frå andre medieutdanningar.
I dette faget lærer studenten om klientsida av webdesign. Med fokus på det visuelle og på det å produsere brukarorienterte løysingar, skal faget gjere studenten i stand til å jobbe metodisk frå idé til ferdig webside.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne
Kandidaten i emnet har kunnskap om :
- brukarvenleg design (usability)
- utforming for auka tilgjenge (accessibility)
- design av responsive nettsider (CSS3)
- strukturering av innhald på web (HTML5)
- å jobbe metodisk med design
- programmering på nettsider med Javascript
Kandidaten i emnet kan:
- utarbeide designskisser og del-element for websider, med fokus på brukskvalitet
- strukturere innhald på nettsider ved hjelp av HTML
- styre nettsider sin utsjånad ved hjelp av CSS
- implementere Javascript på nettsider for å tilføre interaktivitet
Kandidaten i emnet kan:
- planlegge og gjennomføre eit webdesign-prosjekt.
- strukturere innhald i form av hypertekst
Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Aktivitetar vil typisk vere workshops, seminar med bransje-spesialistar, online kurs og arbeid med prosjekt (individuelt og i gruppe).
- Dokumentert fullført online kurs, spesifisert i semesterplanen.
- Obligatorisk frammøte på delar av undervisninga, spesifisert i semesterplanen.
- Kvar student skal presentere ein (lærar-godkjent) del av pensum-litteraturen.
- Studenten skal ta aktivt del i eit gruppearbeid som munnar ut i eit produkt beståande av ein nettstad.
Saman med produktet skal gruppa levere prosjektplan og ein kort rapport som viser korleis planen vart følgt opp. Prosjekt-filene skal lagrast på Høgsulen sine serverar og vert låst etter levering.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
- Bachelor i Media, IKT og design
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | 7 Dagar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Alle | The exam is an invividual portfolio-handin, where the student delivers a report that analyse the product and the process of Coursework requirement 4 (group project). The grade is based 60% on this report and 40% on the coursework requirement 4. |