Semestre

MID128 Web front-end design

Emnekode: 
MID128
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2019 Haust
Eksamenssemester: 
2019 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk og engelsk
Pensum: 
Krav til forkunnskapar

MID131 eller minimum 30 studiepoeng frå andre medieutdanningar.

Om emnet

I dette faget lærer studenten om klientsida av webdesign. Med fokus på det visuelle og på det å produsere brukarorienterte løysingar, skal faget gjere studenten i stand til å jobbe metodisk frå idé til ferdig webside.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne

Kunnskapar

Kandidaten i emnet har kunnskap om :

  • brukarvenleg design (usability)
  • utforming for auka tilgjenge (accessibility)
  • design av responsive nettsider (CSS3)
  • strukturering av innhald på web (HTML5)
  • å jobbe metodisk med design
  • programmering på nettsider med Javascript
Ferdigheiter

Kandidaten i emnet kan:

  • utarbeide designskisser og del-element for websider, med fokus på brukskvalitet
  • strukturere innhald på nettsider ved hjelp av HTML
  • styre nettsider sin utsjånad ved hjelp av CSS
  • implementere Javascript på nettsider for å tilføre interaktivitet
Generell kompetanse

Kandidaten i emnet kan:

  • planlegge og gjennomføre eit webdesign-prosjekt.
  • strukturere innhald i form av hypertekst
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Aktivitetar vil typisk vere workshops, seminar med bransje-spesialistar, online kurs og arbeid med prosjekt (individuelt og i gruppe). 

Vilkår for å framstille seg til eksamen
  1. Semesterplanen spesifiserer obligatoriske oppgåver som dannar grunnlag for ei mappeinnlevering (eksamensdel 1).
    Desse oppgåvene må vere godkjent for at studenten får ta eksamen. 
Sensorordning
Minimumstal: 
10
Maksimumstal: 
40
Emneansvarleg: 
Ivar John Erdal
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Bachelor i mediedesign
  • Bachelor i medieproduksjon
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
40
Alle
Innlevering av ei samanstilling av obligatoriske oppgåver, spesifisert i semesterplanen.
Munnleg eksamen
Individuell
30 minutt
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
60
Individuell presentasjon av eksamensprosjektet, med påfølgande diskusjon.
Godkjent av: 
Audhild Gregoriusdotter Rotevatn