Semestre
MID128 Web front-end design
MID131 eller minimum 30 studiepoeng frå andre medieutdanningar.
I dette faget lærer studenten om klientsida av webdesign. Med fokus på det visuelle og på det å produsere brukarorienterte løysingar, skal faget gjere studenten i stand til å jobbe metodisk frå idé til ferdig webside.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne
Studenten skal :
- ha kunnskap om brukarvenleg design (usability)
- ha kunnskap om utforming for auka tilgjenge (accessibility)
- ha kunnskap om design av responsive nettsider (CSS3)
- ha kunnskap om strukturering av innhald på web (HTML5)
- kunnskap om å jobbe metodisk med design
Studenten skal:
- kunne utarbeide designskisser og del-element for websider, med fokus på brukskvalitet
- kunne strukturere innhald på nettsider ved hjelp av HTML
- kunne styre nettsider sin utsjånad ved hjelp av CSS
Studenten skal:
- kunne planlegge og gjennomføre eit webdesign-prosjekt
- kunne strukturere innhald i form av hypertekst
Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Aktivitetar vil typisk vere workshops, seminar med bransje-spesialistar, online kurs og arbeid med prosjekt (individuelt og i gruppe).
I løpet av semesteret arbeider studentane med tre obligatoriske arbeidskrav. Desse tre oppgåvene må vere godkjent for at studenten får ta eksamen.
Eksamen består av ei mappeinnlevering der studenten vel to av dei tre arbeidskrava, saman med ein skriftleg rapport på 1500 - 2000 ord.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Bachelor i mediedesign
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | 1 semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Innlevering av ei samanstilling av obligatoriske oppgåver, spesifisert i semesterplanen. |