Semestre
MID128 Web front-end design
MID131 eller minimum 30 studiepoeng frå andre medieutdanningar.
I dette faget lærer studenten om klientsida av webdesign. Med fokus på det visuelle og på det å produsere brukarorienterte løysingar, skal faget gjere studenten i stand til å jobbe metodisk frå idé til ferdig webside.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne
Kandidaten i emnet har kunnskap om :
- brukarvenleg design (usability)
- utforming for auka tilgjenge (accessibility)
- design av responsive nettsider (CSS3)
- strukturering av innhald på web (HTML5)
- å jobbe metodisk med design
- programmering på nettsider med Javascript
Kandidaten i emnet kan:
- utarbeide designskisser og del-element for websider, med fokus på brukskvalitet
- strukturere innhald på nettsider ved hjelp av HTML
- styre nettsider sin utsjånad ved hjelp av CSS
- implementere Javascript på nettsider for å tilføre interaktivitet
Kandidaten i emnet kan:
- planlegge og gjennomføre eit webdesign-prosjekt.
- strukturere innhald i form av hypertekst
Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Aktivitetar vil typisk vere workshops, seminar med bransje-spesialistar, online kurs og arbeid med prosjekt (individuelt og i gruppe).
- Semesterplanen spesifiserer 5 obligatoriske oppgåver som til slutt vert vurdert samla til ein karakter (A-F). Stryk på desse oppgåvene (karakter F) medfører ein ikkje får ta eksamen, ståkarakterar (E-A) vert overført direkte i eksamensmappa, del 1.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Bachelor i Media, IKT og design
- Bachelor i mediedesign
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | 1 semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 30 | Alle | Samla karakter frå arbeidskrav 1, obligatoriske oppgåver spesifisert i semesterplanen. | |
Munnleg eksamen | Individuell | 30 minutt | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 70 | Individuell presentasjon av eksamensprosjektet, med påfølgande diskusjon. |