Semesters
MID211 Nye medium
MID111, MID112 og MID131
eller JOU100, JOU101, SAJ101, JOU102 og MEV121
eller 60 stp tilsvarande frå anna medieutdanning.
Emnet er ei fordjuping i kommunikasjonspraksisar innan nye medium. Studentane vil få ei innføring i teoriar frå persepsjon og metodar frå multimedieproduksjon og interaksjonsdesign. Emnet dekker dei nødvendige tekniske og analytiske ferdigheiter for å forstå nye medium i eit mangfald av kontekstar.
Studentane skal utvikle ei analytisk, forskingsorientert forståing av interaksjonsdesign, nye teknologiar, og korleis desse kan danne engasjerande brukaropplevingar. Studentane vil kunne utvikle sine eigne forskingsprosjekt innan nye medium.
Emnet inngår som felles fordjupingsemne i bachelorprogramma i medieproduksjon og mediedesign.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha
- Kunnskap om teoretiske aspekt av nye medium
- Kunnskap om persepsjonsteori relevant til å forstå brukarane sine opplevingar med nye teknologiar
Studenten skal ha
- Forståing av relevant persepsjon, multimedia, film og interaksjonsdesignteori, og evne til å bruke den i kritisk refleksjon
- Analytiske verktøy for forsking i nye medium med kvalitative metodar
Studenten skal kunne
- jobbe i små grupper
- forstå historiske og teoretiske perspektiv rundt nye medium, og bruke denne kunnskapen til kritiske analysar og eksperimentelle forskingsforsøk
Emnet består av forelesingar, arbeidsverkstader og praktiske øvingar.
For å kunne gå opp til eksamen må studentane fullføre tre arbeidskrav:
1) Akademisk essay (1000 ord)
2) Teknisk øving
3) Prosjektbeskriving
Eksamen er eit essay på 3500 ord basert på eige forskingsprosjekt innan nye medium.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Bachelor in Medieproduction
- Media, IKT og design - Mediadesign
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual | 1 Week | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Eksamen blir levert gjennom Inspera |