Semestre
REL206N Spiritualitet før og no
Grunnstudium (60 eller 50 studiepoeng på 100-nivå) i religion, livssyn og etikk (t.d. REL111N, REL112N, REL113N og REL114N) eller tilsvarande.
Emnet skal gje kunnskap om kristen spiritualitet, med vekt på aktuelle spiritualitetsuttrykk.
Emnet består av tre delemne:
Delemne 1: Kva er kristen spiritualitet? (prinsipiell del)
- Kva er spiritualitet?
- Spiritualitet som allmennmenneskeleg fenomen og som kristent trusutrykk
- Korleis studere spiritualitet?
Delemne 2: Kristen spiritualitet frå oldkyrkja og til vår tid (historisk del)
Delemne 3: Aktuelle uttrykk for kristen spiritualitet
- Verbal-rasjonell spiritualitet
- Kontemplativ spiritualitet
- Karismatisk spiritualitet
- Estetisk /rituell spiritualitet
- Handlingsretta spiritualitet
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
- har kunnskap om kva ein forstår med omgrepet kristen spiritualitet
- har kunnskap om ulike spiritualitetstradisjonar
- har kunnskap om ulike uttrykk for kristen spiritualitet i samtida
- kan gjere greie for kva ein forstår med "spiritualitet" og for ulike syn på spiritualitet i kristen teologi
- kunne reflektere over eiga fagleg handsaming
- kunne finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff og framstille dette slik at det belyser ei problemstilling
- kunne beherske relevante faglege verktøy, teknikkar og uttrykksformer
- kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar skriftleg og gjennom andre aktuelle utrykksformer
- kan utveksle oppfatningar og erfaringar med andre med bakgrunn innan fagområdet
Undervisninga går over eitt semester og består av nettleksjonar i delemna og eit obligatorisk oppgåveseminar på nett. Det blir gjeve individuell rettleiing, først og fremst knytt til oppgåveskriving.
For å kunne gå opp til eksamen i emnet må studenten
- ha fått godkjent to innleveringar knytt til eitt eller fleire av delemna innan fastsett frist
- ha delteke i eit oppgåveseminar på nett der studenten har lagt fram eit utkast til innleveringsoppgåve, og har kommentert eit oppgåveutkast frå ein medstudent
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
- Religion, livssyn og etikk - fordjupingsstudium (nettstudium)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 2 Dagar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Alle. | Inntil 3000 ord. |