Semestre

REL206N-AVG Spiritualitet før og no

Emnekode: 
REL206N
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2018 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Spirituality - past and present
Emnenavn på bokmål: 
Spiritualitet før og nå
Eksamenssemester: 
2018 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Grunnstudium (60 eller 50 studiepoeng på 100-nivå) i religion, livssyn og etikk (t.d. REL111N-AVG, REL112N-AVG, REL113N-AVG og REL114N-AVG) eller tilsvarande.

Om emnet

Emnet skal gje kunnskap om kristen spiritualitet, med vekt på aktuelle spiritualitetsuttrykk.

Emnet består av tre delemne:

Delemne 1: Kva er kristen spiritualitet? (prinsipiell del)

  • Kva er spiritualitet?
  • Spiritualitet som allmennmenneskeleg fenomen og som kristent trusutrykk
  • Korleis studere spiritualitet?

Delemne 2: Kristen spiritualitet frå oldkyrkja og til vår tid (historisk del)

Delemne 3: Aktuelle uttrykk for kristen spiritualitet

  • Verbal-rasjonell spiritualitet
  • Kontemplativ spiritualitet
  • Karismatisk spiritualitet
  • Estetisk /rituell spiritualitet
  • Handlingsretta spiritualitet
Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar
  • har kunnskap om kva ein forstår med omgrepet kristen spiritualitet
  • har kunnskap om ulike spiritualitetsradisjonar
  • har kunnskap om ulike uttrykk for kristen spiritualitet i samtida
Ferdigheiter
  • kan gjere greie for kva ein forstår med "spiritualitet" og for ulike syn på spiritualitet i kristen teologi
  • kunne reflektere over egen faglig handsaming
  • kunne finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff og framstille dette slik at det belyser ein problemstilling
  • kunne beherske relevante faglige verktøy, teknikkar og uttrykksformer
Generell kompetanse
  • kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar skriftleg og gjennom andre aktuelle utrykksformer
  • kan utveksle oppfatningar og erfaringar med andre med bakgrunn innan fagområdet
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga går over eitt semester og består av nettleksjonar i delemna og eit obligatorisk oppgåveseminar på nett. Det blir gjeve individuell rettleiing,først og fremst knytt til oppgåveskriving.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

For å kunne gå opp til eksamen i emnet må studenten

  • ha fått godkjent tre innleveringar knytt til eitt eller fleire av delemna innan fastsett frist
  • ha delteke i eit oppgåveseminar på nett der studenten har lagt fram eit utkast til innleveringsoppgåve og har kommentert eit oppgåveutkast frå ein medstudent
Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
30
Emneansvarleg: 
Knut-Willy Sæther
Studieavgift

4000,-

Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Religion, livssyn og etikk - fordjupingsstudium (nettstudium)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
2 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Inntil 3000 ord.
Alle
Godkjent av: 
Knut-Willy Sæther