Semestre

REL206N Spiritualitet før og no

Emnekode: 
REL206N
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2025 Vår
Eksamenssemester: 
2025 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Grunnivå (minimum 45 stp.) i Religion, kultur og samfunn eller tilsvarande.

Om emnet

Emnet gjev eit oversyn over spiritualitet som fenomen med særleg fokus på den kristne spiritualiteten. Emnet femner om både historiske perspektiv, samanlikning av spiritualitets-tradisjonar i religionane og nyare spiritualitets-uttrykk. Emnet er tredelt: Del 1 gjev grunnleggjande kunnskap om kva spiritualitet er, både som allmennmenneskeleg fenomen og som religiøst trusuttrykk. Denne delen gjev også ei innføring i spiritualitet i nokre av verdsreligionane. Del 2 handlar om kristen spiritualitet i eit historisk perspektiv, medan del 3 tek føre seg aktuelle uttrykk for kristen spiritualitet, som økospiritualitet, verbal-rasjonell, kontemplativ, karismatisk og estetisk/rituell spiritualitet.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om kva ein forstår med omgrepet spiritualitet og kristen spiritualitet 
  • ​har kunnskap om ulike spiritualitetstradisjonar i nokre av verdsreligionane 
  • ​har kunnskap om ulike uttrykk for kristen spiritualitet i historia og samtida
Ferdigheiter

Studenten 

  • kan gjere greie for kva ein forstår med "spiritualitet" og for ulike syn på kristen spiritualitet 
  • kan reflektere over eiga fagleg utvikling 
  • kan finne, vurdere og vise til informasjon om spiritualitet som tematikk og framstille dette slik at det belyser ei problemstilling
  • kan beherske relevante faglege verktøy, teknikkar og uttrykksformer 
Generell kompetanse

Studenten 

  • kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar skriftleg og gjennom andre aktuelle utrykksformar 
  • kan utveksle oppfatningar og erfaringar med andre med bakgrunn innan fagområdet 
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga går over eitt semester og består av nettleksjonar i delemna og eit obligatorisk oppgåveseminar på nett, som også inkluderer interaktiv studentaktivitet. Det blir gjeve individuell rettleiing, først og fremst knytt til oppgåveskriving.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

For å kunne gå opp til eksamen i emnet må studenten

  • ha fått godkjent to innleveringar knytt til eitt eller fleire av delemna innan fastsett frist 
  • ​ha delteke i eit oppgåveseminar på nett der studenten har lagt fram eit utkast til innleveringsoppgåve, og har kommentert eit oppgåveutkast frå ein medstudent. 
Sensorordning
Maksimumstal: 
30
Emneansvarleg: 
Knut-Willy Sæther
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Religion og kultur - bachelor (nettstudium)
  • Religion, livssyn og etikk - fordjupingsstudium (nettstudium)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
3 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Alle.
Ei skrftleg oppgåve på 3000 ord (+/-10%)
Godkjent av: 
Silje Ims Lied