Semestre
TOD101 Teaterproduksjon 1: Ensemblebygging
Emnekode:
TOD101
Varighet:
1 semester
Studiepoeng:
15
Studienivå:
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester:
2023 Haust
Eksamenssemester:
2023 Haust
Undervisningsspråk:
Norsk
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Om emnet
Teaterproduksjon 1 er eit introduksjonsemne til teaterproduksjon, med fokus på ensemblespill.
Studentane vil jobbe med:
- Grunntrening for kropp og stemme.
- Ensemblebygging og skodespelarteknikk
- Teateropplevingar.
- Kreative prosessar.
- Skriftleg refleksjon og logg
Læringsutbytte
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kunnskapar
Studenten
- har grunnleggjande kunnskap om fagterminologi knytt til teaterproduksjon
- har kunnskap om scenekunstens verkemiddel og funksjonar
- har grunnleggjande kunnskap om akademisk skriving
Ferdigheiter
Studenten
- kan skape kunstnarlege produkt, i gruppeprosessar
- kan arbeide praktisk-metodisk som scenekunstnar
- kan nytte fagterminologi og reflektere over teaterproduksjonar og eige arbeid både munnleg og skriftleg
Generell kompetanse
Studenten
- har sjølvstendige rutinar for oppvarming og vedlikehald av kropp og stemme
- kan samarbeide med faglærar og medstudentar
Praktisk organisering og arbeidsmåtar
Undervisninga er eit samspel mellom teoretisk, praktisk, digitalt og sjølvstendig arbeid, og er samansett av:
- seminar og verkstader
- framsyningar
- gruppearbeid
- individuelt arbeid
Emnet inneheld ei studiereise, til eigen kostnad.
- Alternativt opplegg vert tilbydd etter søknad.
Vilkår for å framstille seg til eksamen
a) Frammøtekrav:
- All undervisning er obligatorisk, og oppmøtet må vere av ei aktiv deltakande art.
Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6.
b) Arbeidskrav:
- Ei skriftleg oppgåve på 1000-1500 ord.
- To godkjende framsyningar på Husteater
Alle arbeidskrav har 2 forsøk
Sensorordning
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Evaluering og kvalitetssikring
Minimumstal:
10
Maksimumstal:
24
Emneansvarleg:
Raymond Corrado Knutsen
Emnet inngår i følgande studieprogram
- Teater og drama - årsstudium
- Teater og drama - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praktisk eksamen | Individuell eller gruppe (etter avtale) | 2 Veker | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 70 | Kunstnarleg scenisk framsyning, for ei bestemd målgruppe, medstudentar, emneansvarleg og sensor, med gruppekarakter. | Alle | 20-30 minutter |
Heimeeksamen | Individuell | 3 Dagar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 30 | Studenten skal reflektere og drøfte ulike faktorar frå ei framsyning i lys av aktuell teori. | Alle | 1000-1500 ord |
Godkjent av:
Unni Hagen