Semestre

TOD101 Teaterproduksjon 1: Skodespelarteknikk og ensemblebyggjing

Emnekode: 
TOD101
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2016 Haust
Eksamenssemester: 
2016 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Emnet er eit introduksjonsemne til TOD103 Teaterproduksjon 2: Skodespelarteknikk og dramaturgi, og tek utgangspunkt i teoriane og arbeidsmetodane til den russiske teaterpedagogen Stanislavskij.
Studentane vil jobbe med:

  • Grunntrening for kropp og stemme.
  • Improvisasjon og teatersport.
  • Teateropplevingar.
  • Iscenesettjing av ulike dramatiske tekster.
Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • har grunnleggjande kunnskap om fagterminologi i skodespelarteknikk og ensemblespill.
  • har kunnskap om dramatiske verkemiddel og ulike funksjonar i ein teaterproduksjon.
  • har grunnleggjande kunnskap om framsyningsanalyse.
Ferdigheiter

Studenten

  • kan formidle ein karakters mål og funksjon i eit dramatisk verk, gjennom interaksjon i samspill.
  • kan arbeide praktisk-metodisk med improvisasjon, teatersport og skodespelarmetodikk.
  • kan nytte fagterminologi og reflektere over teaterproduksjonar for ulike målgrupper både munnleg og skriftleg.
Generell kompetanse

Studenten

  • har sjølvstendige rutinar for oppvarming og vedlikehald av kropp og stemme.
  • kan samarbeide med faglærar og medstudentar.
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisinga er eit samspel mellom teoretisk, praktisk og sjølvstendig arbeid, og vil innehalde seminar, workshops, gruppearbeid og førelesingar. Det vil arrangerast obligatoriske prosessvisningar, såkalla Husteater, for eit ope publikum. I hovud-teaterproduksjonen vil læraren fungere som regissør, og studentane skal fokusere på ensemblespill og skodespelarteknikk.

  • Studenten må også delta på ei mindre studiereise, og 2-3 teaterframsyningar, til eigen kostnad.
Vilkår for å framstille seg til eksamen

a) Frammøtekrav:

  • Emnet forutset aktiv deltaking og engasjement, og all undervisning er obligatorisk. For å kunne ta eksamen må studenten ha eit godkjent oppmøte på minimum 80%.

Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6, om obligatorisk frammøte/deltaking.

b) Arbeidskrav:

  • Ei skriftleg oppgåve i framsyningsanalyse, i grupper (1500-2000 ord).
  • Tre godkjente framvisingar på Husteater.
Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap.5.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Minimumstal: 
10
Maksimumstal: 
25
Materialavgift

Det vert lånt ut klassesett med manus til studentane. Manglande innlvering av manus gjer ei avgift på 100,- per manus.

Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Forteljing og teaterproduksjon
  • Teater og drama - årsstudium
  • Teater og drama - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praktisk eksamen
Individuell eller gruppe (etter avtale)
4 Veker
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
60
Kunstnarleg scenisk framsyning for eit publikum, medstudentar, emneansvarleg og sensor, med individuell karakter.
Alle
Heimeeksamen
Individuell
3 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
40
Digital eksamen. Studenten skal ut frå eige arbeid reflektere og drøfte ulike faktorar frå framsyninga i lys av aktuell teori.
Alle
800-1000 ord
Godkjent av: 
Aud Folkestad