Semestre

TOD101 Teaterproduksjon 1: Realistisk teater

Emnekode: 
TOD101
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2017 Haust
Eksamenssemester: 
2017 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Teaterproduksjon 1 er eit introduksjonsemne til skodespelarkunst og teaterproduksjon, med fokus på ensemblespill.
Emnet tek utgangspunkt i teoriane og arbeidsmetodane til den russiske teaterpedagogen Stanislavskij, og ser på samanhengene til realisme i teatret i dag.
Studentane vil jobbe med:

  • Grunntrening for kropp og stemme.
  • Improvisasjon og ensemblebygging.
  • Teateropplevingar og analyser.
  • Iscenesettjing av ulike dramatiske tekster.
Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • har grunnleggjande kunnskap om fagterminologi i realistisk skodespelarteknikk og ensemblespill.
  • har kunnskap om dramatiske verkemiddel og ulike funksjonar i ein teaterproduksjon.
  • har grunnleggjande kunnskap om framsyningsanalyse.
Ferdigheiter

Studenten

  • kan formidle ein karakters mål og funksjon i eit dramatisk verk, gjennom interaksjon i samspill.
  • kan arbeide praktisk-metodisk med improvisasjon og skodespelarmetodikk.
  • kan nytte fagterminologi og reflektere over teaterproduksjonar for ulike målgrupper både munnleg og skriftleg.
Generell kompetanse

Studenten

  • har sjølvstendige rutinar for oppvarming og vedlikehald av kropp og stemme.
  • kan samarbeide med faglærar og medstudentar.
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga er eit samspel mellom teoretisk, praktisk og sjølvstendig arbeid, og er samansett av:

  • seminar og verkstadar
  • førelesingar
  • praktisk undervisning 
  • framsyningar
  • gruppearbeid
  • individuelt arbeid

Det vil arrangerast obligatoriske visningar, såkalla Husteater, for eit ope publikum, i tillegg til studentdrevne morgontreningar.
I hovud-teaterproduksjonen vil læraren fungere som regissør, og studentane skal fokusere på ensemblespill og skodespelarteknikk i ein realistisk spelestil.

Emnet inneheld ei mindre studiereise, samt 2-3 teaterframsyningar, til eigen kostnad.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

a) Frammøtekrav:

  • All undervisning er obligatorisk, og oppmøtet må vere av ei aktiv deltakande art.
    Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6. 

b) Arbeidskrav:

  • Ei individuell skriftleg oppgåve i framsyningsanalyse, på omlag 2000 ord, med obligatorisk rettleiing.
  • To godkjente framsyningar på Husteater.
Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap.5.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Minimumstal: 
10
Maksimumstal: 
25
Emneansvarleg: 
Vibeke Preus
Materialavgift

Det vert lånt ut klassesett med manus til studentane. Manglande innlvering av manus gjer ei avgift på 200,- per manus.

Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Forteljing og teaterproduksjon
  • Teater og drama - årsstudium
  • Teater og drama - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praktisk eksamen
Individuell eller gruppe (etter avtale)
5 Veker
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
60
Kunstnarleg scenisk framsyning for eit publikum, medstudentar, emneansvarleg og sensor, med individuell karakter.
Alle
Heimeeksamen
Individuell
3 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
40
Digital eksamen. Studenten skal ut frå eige arbeid reflektere og drøfte ulike faktorar frå framsyninga i lys av aktuell teori.
Alle
1000 ord
Godkjent av: 
Aud Folkestad